Vi har i ettrmiddag vore i kontakt med Telia sitt kundesenter, for å høyrer når ein kan forvente at mobilnettet til Telia i Todalen er operativt igjen. Telia kunne fortelje at nettet vil vere operativt att frå fredag 16. mai klokka 11:00. Om dette stemmer, ellerr berre er eit nytt estimat attstår å sjå, men ein får leve i håpet!
Les heile saka
Todalen Idrettslag inviterer også i år alle til «nasjonalsdagsfrokost» 17. mai klokka 11:00 i Todalen ungdomshus. Her blir det servert frokostbuffet med mykje god og variert mat. Russen er spesialinvitert, og får gratis frokost om dei kjem i russeutstyr!
Les heile saka
I Todalen har det vore store utfordringar med mobildekninga for Telia sitt nett. Heilt sia søndag kveld har nettet vore ustabilt og det har skapt mange problem – ikkje minst for Talgø sitt sentralbord. Vi har no fått informasjon at det skal være ting på gang, og at det skal være håp om feilretting onsdag.
Les heile saka
Under Vårsøghelga, inviterer Vårsøghelga, SpareBank 1 Nordmøre og Surnadal Næringsforening konferansen «Saman for Surnadal, Med hjarte for bygda» fredag 23. mai klokka 12:30 – 15:00 i lokalene til SpareBank 1 Nordmøre på Skei.
Les heile saka
Sol og fint ver, og triveleg kløvertur frå Todalsøra utover forbi Ansneset til Vorphaugen.
Les heile saka
Telia-nettet i Todalen er nede melder Telia. Det er feil på 5G, RG og 2G sendarane i Todalen, noko som inneber at det ikkje er mobildekning. Telia kan ikkje seie eksakt når feilen er retta, men estimatet akkurat no er innan klokka 21:30 i kveld.
Les heile saka
Todalen bøgdalag inviterer måndag 12. mai klokka 18:00 til dugnad for å rydde langs vegkantane rundt Todalen. Oppmøte på Bordholmen stadion. Bøgdalaget stiller med søppelsekkar og eingongshanskar. Det trengs nokon som har bil med hengarfeste, da det skal brukast hengar.
Les heile saka
Søndag 11. mai er den offisielle opningsdagen for Svinviks arboret, og no ligg nok både fruktblomstringa og Rhododendronblomstringa i startgropa. I løpet av komande veke vil det som skje mykje, seier museumgartner i arboretet Patrick Nilsen. Blomstringa er så smått komen i gang, men har vore hemma av den kalde vêrtypen dei siste par vekene. No kjem varmen og da kjem ting til å skje fort både i fruktagen og i Rhododendronhagen.
Les heile saka
Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 12. mai. Oppmøte ved Matkroken og start derifrå kl. 11:00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur!
Les heile saka
Skulstuå i Todalen har invitert Ingvar Ortega Redalen (f. 2012) til å stilla ut teikningar frå studia hans av fisk frå både salt- og ferskvatn. Velkomne til Grand Opening 16.mai kl.18.00. Det blir kanskje ein tale, men heilt sikkert sal av steinomnstekt pizza og sjokoladekake. Kunstnaren vil vera tilstades.
Les heile saka
I dag låg det godt til rette for ei flott konfirmasjonsgudsteneste – sol frå blå himmel har vore noko uvant den siste tida og vart nok difor lagt så godt merke til. I år var det to konfirmantar i Todalen, nemleg Trygve Alexander Halle og Jens Sancho Hadraque Ansnes, og det var Prost Vidar W. Rygh som var liturg, medan Åsmund Valde var organist. Rundt 80 personar deltok i konfirmasjonsgudstenesta, og med det vart det ein flott salmesong.
Les heile saka
Den kvite røyken frå steinomnen til Kjell Arve Vikavoll hadde ingenting med Leo XIV og pavevalet og det sixtinske kapell å gjera, men derimot var det full fyr for å få opp tempen i steinomnen. Her må det nemleg varme til – rundt 400 grader må det være for å få fart på pizzasteikinga.
Les heile saka