Sommaren nærmar seg med stormskritt, og Atleta tilbyr frå 14. mai til 1. august, der ein kan kjøpe tilgang for 1, 2 eller 3 månader. Les meir om sommartrening på Atleta nedanfor:
Les heile saka
Sommaren nærmar seg med stormskritt, og Atleta tilbyr frå 14. mai til 1. august, der ein kan kjøpe tilgang for 1, 2 eller 3 månader. Les meir om sommartrening på Atleta nedanfor:
Les heile sakaVi har i ettrmiddag vore i kontakt med Telia sitt kundesenter, for å høyrer når ein kan forvente at mobilnettet til Telia i Todalen er operativt igjen. Telia kunne fortelje at nettet vil vere operativt att frå fredag 16. mai klokka 11:00. Om dette stemmer, ellerr berre er eit nytt estimat attstår å sjå, men ein får leve i håpet!
Les heile sakaTodalen Idrettslag inviterer også i år alle til «nasjonalsdagsfrokost» 17. mai klokka 11:00 i Todalen ungdomshus. Her blir det servert frokostbuffet med mykje god og variert mat. Russen er spesialinvitert, og får gratis frokost om dei kjem i russeutstyr!
Les heile sakaI Todalen har det vore store utfordringar med mobildekninga for Telia sitt nett. Heilt sia søndag kveld har nettet vore ustabilt og det har skapt mange problem – ikkje minst for Talgø sitt sentralbord. Vi har no fått informasjon at det skal være ting på gang, og at det skal være håp om feilretting onsdag.
Les heile sakaUnder Vårsøghelga, inviterer Vårsøghelga, SpareBank 1 Nordmøre og Surnadal Næringsforening konferansen «Saman for Surnadal, Med hjarte for bygda» fredag 23. mai klokka 12:30 – 15:00 i lokalene til SpareBank 1 Nordmøre på Skei.
Les heile sakaSol og fint ver, og triveleg kløvertur frå Todalsøra utover forbi Ansneset til Vorphaugen.
Les heile sakaTelia-nettet i Todalen er nede melder Telia. Det er feil på 5G, RG og 2G sendarane i Todalen, noko som inneber at det ikkje er mobildekning. Telia kan ikkje seie eksakt når feilen er retta, men estimatet akkurat no er innan klokka 21:30 i kveld.
Les heile sakaTodalen bøgdalag inviterer måndag 12. mai klokka 18:00 til dugnad for å rydde langs vegkantane rundt Todalen. Oppmøte på Bordholmen stadion. Bøgdalaget stiller med søppelsekkar og eingongshanskar. Det trengs nokon som har bil med hengarfeste, da det skal brukast hengar.
Les heile sakaSøndag 11. mai er den offisielle opningsdagen for Svinviks arboret, og no ligg nok både fruktblomstringa og Rhododendronblomstringa i startgropa. I løpet av komande veke vil det som skje mykje, seier museumgartner i arboretet Patrick Nilsen. Blomstringa er så smått komen i gang, men har vore hemma av den kalde vêrtypen dei siste par vekene. No kjem varmen og da kjem ting til å skje fort både i fruktagen og i Rhododendronhagen.
Les heile sakaTodalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 12. mai. Oppmøte ved Matkroken og start derifrå kl. 11:00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur!
Les heile sakaSkulstuå i Todalen har invitert Ingvar Ortega Redalen (f. 2012) til å stilla ut teikningar frå studia hans av fisk frå både salt- og ferskvatn. Velkomne til Grand Opening 16.mai kl.18.00. Det blir kanskje ein tale, men heilt sikkert sal av steinomnstekt pizza og sjokoladekake. Kunstnaren vil vera tilstades.
Les heile sakaI dag låg det godt til rette for ei flott konfirmasjonsgudsteneste – sol frå blå himmel har vore noko uvant den siste tida og vart nok difor lagt så godt merke til. I år var det to konfirmantar i Todalen, nemleg Trygve Alexander Halle og Jens Sancho Hadraque Ansnes, og det var Prost Vidar W. Rygh som var liturg, medan Åsmund Valde var organist. Rundt 80 personar deltok i konfirmasjonsgudstenesta, og med det vart det ein flott salmesong.
Les heile saka