Påskekrimmen sine vegar er uransaklege. Det nærmar seg løysing og oppstandelse, men først må vi gå litt rundt grauten. For kven fann eigentleg på det å putte graut på bakels? Og kva er det med kanelmønster som puttar Sunndal i den? Smær, betre enn rømme? Og kva skjedde med risgrynsgrauten på laurdagen? Så mange spørsmål, så lite grautgravetid.
Les heile saka
Todalen båtforening kallar inn sine medlemar til årsmøte torsdag 16. mai kl 17. Årsmøtet blir halde i båthamna dersom det blir brukbart vêr – alternativ blir møtet flytta til kantina i 2. etasje på Talgø, melder styret i båtforeninga.
Bla vidare, så finn du sakliste og fullstendig innkalling som er lagt ut.
Les heile saka
I ettermiddag og utover kvelden byr Todalshytta på årets første Thaibuffe. Da vi stakk innom no i formiddag var Kik, Ning og Cristy i full gang på kjøkkenet med førebuing av mange smakfulle rettar. Dei tre er er profesjonelle på ekte heimlaga thaimat som er laga frå grunnen av.
Les heile saka
Jada, krimforfattaren veit at det ikkje er greit å la lesarane henge i lufta midt i ei setning og ikkje avslutte dagsepisoden. Men det blir ikkje lova noko bøt og betring på det. La oss ta opp tråden frå i går utan å tenkje for mykje på om abakle eigentleg er eit ord eller ein nedarva talefeil. For like naturleg som bakels og græt, kjøtt å påsse og ananas på pizza, var det å svinge innom Halsbua for ei påskelaurdagsoppdatering og etterfylling av påskeegget.
Les heile saka
Langfredag inviterte driftsstyret for skihytta til den tradisjonelle Kjerringdilten på Todalen Idrettslag si skihytta. Hytteboka viste at heile sytti to personar takka for invitasjonen og tok turen til skihytta i det fine påskevêret. Det var dårleg skiføre, eller rettare sagt snøfritt og heilt fritt for skiføre, så folk måtte i år ta føtene fatt for å kome seg på skihytta og Kjerringdilten.
Les heile saka
Det er klar for del 3 av påskekrimmen. I dag med nystekt rapport frå Skihytta og fakta du ikkje viste du trong om familien Lægreid. For kanelsnurr-søget har knapt lagt seg etter gårsdagens vellukka dilt på flatmark, og i dag er det duka for ein til. Nemleg sjølve ur-dilten der det ikkje er omågjort å kome først, men å treffe idealtida. Det er på tide å la pokalen vandre!
Les heile saka
Trimgruppa i Todalen I.L. samla nærare 200 deltakarar til Gunnøydilten som gikk av stabelen i dag. Trimgruppa hadde rigga seg til i gapahuken ved Båthølen, der det både vart servert bålkaffe med sjokoladekake, kanelsnurrar og mykje anna godt til kaffen – og sjølvsagt var det pølser med brød på menyen for dei som ville ha ein enkel middag i dag.
Les heile saka
I del 2 av påskekrimmen står draumen om vårteikna i kø ved bredda av elva. Men la deg ikkje bli bedøvd av tanken om pollen og søget frå Toåa, for skal mysteriet bli oppklart må alle sansar vere like krystallklår som ein Halling tikkje tå blæst´n.
Les heile saka
Den årvisse Påskesongmessa i Åsskard samlar essensen av ei innhaldsrik høgtid. Mange seier dei set pris på denne kveldsvandringa i ord og musikk.
Songsolistane Sigrid Vetleseter Bøe og Turid Røen Kroknes, koret Prosjekt 17 og ein musikkvartett let klassisk påskemusikk (Pergolesi, Mozart, Bach og Handel) tolke sterke høgtidstekster.
Les heile saka
Onsdag kveld inviterte Todalen bøgdalag til «påskequiz» i Todalen ungdomshus, og mange responderte på invitasjonen og tok turen til ungdomshuset.
Les heile saka
Skjærtorsdag 17. april er det klart for Gunnøydilten i Toåa tursti, med start frå Bønnavollan eller Halsabrua i tidsrommet 12 – 15. TILs trimgruppe har base ved gapahuken i Båthølen, der det blir sal av kaffe, kaker, pølser og brus.
Les heile saka
Fredag 18. april (langfredag) klokka 13:00 inviterer driftsstyret for vinteranlegg og skihytta til den tradisjonelle Kjerringdilten på skihytta. Vêrmeldinga på yr.no seier akkurat no at det skal bli fint vêr med over ti plussgrader.
Les heile saka