I ei pressemelding no på morgonkvisten blir vi informert om at Stangvikfestivalen har fått ny leiar. Etter årsmøtet for 2025, er det klart at Astrid Hyldbakk tek over som leiar for Stangvikfestivalen etter Lise Mari Brøske.
Les heile saka
I ei pressemelding no på morgonkvisten blir vi informert om at Stangvikfestivalen har fått ny leiar. Etter årsmøtet for 2025, er det klart at Astrid Hyldbakk tek over som leiar for Stangvikfestivalen etter Lise Mari Brøske.
Les heile sakaTodalen Mjølk er i full gang med siloslåtten – dei to siste dagane har der vore fint vêr og godtenperatur slik at det har tørka ut litt. Bra avling og god kvalitet, seier Ståle Ansnes i Todalen Mjølk.
Les heile sakaJobben med å slå vegkantane var vel typisk kårkallarbeid og verdifulle grasstrå som kom godt med når det var berre så passeleg med grasvokster. No sker det på meir avansert vis, og dei siste par dagane har Ole Peder Holten frå Veidekke tråla vegkantane rundt heile bygda for å pusse vegkantane til sommars.
Les heile sakaFørste tysdagen i juni inviterte Fjellgruppa i Pensjonistforbundet Surnadal til fjelltur til Klåberget. – Værgudane viste seg frå si beste side slik meteorologane lovte da vi starta frå parkeringsplassen ved Røen, fortel Lars Gudmund Røen i Fjellgruppa.
Les heile sakaDet er straumbrot i Surnadal og heim – det skjedde kl 20:20, og vi har foreløpig ingen info om kva som er årsak. Oppdatert: straumen kom att kl 20:49, men breibandleveransen kom att litt seinare. Kl 22 melder Svorka at dei har normal drift igjen etter straumbrotet som ramma midt-Norge.
Les heile sakaOnsdag 12. juni inviterer Todalen Idrettslag alle todalingar, nordvikgardingar og alle andre til lagseriestemne på Bordholmen stadion onsdag 11. juni klokka 18:00. Her blir det lengdehopp med og utan tilløp, kast av liten ball og springing.
Les heile sakaStavganggruppa i Pensjonistforbundet Surnadal inviterer til stavgangtur i Svinvikrunden torsdag 5. juni klokka 11:00.
Les heile sakaI dag startar Økonomigruppa i Todalen Idrettslag sitt digitale pizzalotteri, der dei loddar ut 5 gavekort på valfri pizza frå YX i Surnadal. Kvart lodd kostar kroner 20,- og kan kjøpast på Vipps 527926. Trekninga skjer fredag 6. juni klokka 20:00, så da kan dei heldige vinnarane eventuelt kose seg med pizza i pinsa!
Les heile sakaBreaking news frå april… i juni! Gratulerer til Anne Søyset, som med det gnistrande biletet På iskanten – 78° nord vart kåra til månadens bilete for april.
Les heile sakaTodalen sanitetsforeninga inviterer til ny kløvertur måndag 26. mai. Oppmøte ved Matkroken Todalen og start derifrå klokka 11:00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur!
Les heile sakaDet er Nordmøre Forsvarsforening som står attafor Krigsminnemuseet på Åsen. Dei har tilhald i den gamle skulebygninga på Eidet, som nok har sett sine beste dagar – det er faktisk berre så vidt at dei enkle vindua held nordvesten og regnvêret ute. Laurdag arrangerte foreninga den årlege dugnaden, og da var det tid for å flikke på den gamle skulebygninga – både utvendig og innvendig.
Les heile sakaNorsk sigar- og lutfisklaug er ein gjeng reiseglade personar frå Møre og Romsdal og Trøndelag, som minst ein gong kvart året møtest for sosialt samvær. Ofte reiser dei også på tur saman, til reisemål både innanlands og i det store utland.
Les heile saka