Kom og feir sola og mora stod det i invitasjonen til kaffeslaberaset i skulstua – eller gammelskulen om du heller vil. Her kunne du iallfall henge deg på med feiring av morsdagen, og jammen kika da sola fram ei lita stund også. Og folk strømma på og til tider var det «fullt hus» med kaffegjestar – både store og små.
Les heile saka
Tysdag 11. februar mellom klokka 12:00 – 15:00 vil det vere manuell dirigering med kolonnekøyring gjennom Svinviktunnelen på fylkesveg 6145. Dette på grunn av planlagt arbeid i tunnelen melder Statens vegvesen til redaksjonen.
Les heile saka
Søndag var det avslutning på Youth World Cup i Malino Brdo. Da var det sprint som stod på programmet, og Aron og Isak viste sin styrke med å sikre seg 2.- og 3.-plassen. Dagens resultat føyer seg inn i rekkja av gode prestasjoner under opphaldet i Slovakia. I klasse U18 men gjekk dei vegen gjennom kvalifisering og innleiande finalar til hovedfinalen og sikra seg 2.- og 3.-plassen, berre slegne av italieneren Gioele Migliorati.
Les heile saka
Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 10. februar. Oppmøte ved Matkroken og start derifrå kl. 11:00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur!
Les heile saka
Laurdag gikk Rindal Winter Classic ishockey av stabelen i Rindal med 7 lag på deltakarlista. Ingen klarte å knekke heimelaget Sagene Oldboys som vann over Hitra Islanders i finalen, men Surnadal blades sikra seg 3.-plassen i turneringa. 2 lokale fjes var med og sikra 3.-plassen for Surnadal Blades – Hallvard Nordvik og Knut Bergli var […]
Les heile saka
Fredrik Bruseth reiste til Amerika i 1889 for å berge familiegarden. Far hans, Christen Bruseth, var i økonomisk knipe og stod i fare for å måtte selge gard og grunn.
Les heile saka
Det ble ei stor markering av Samefolkets dag på Kyrkjelydshuset på Skei torsdag 6. februar, då Indre Nordmøre prosti i samarbeid med Samisk kyrkjeråd og Kyrkja i Surnadal inviterte til feiring. Til at dette var fyrste gongen denne dagen vart markert på ein slik måte, var det god oppslutning. Her kom både folk med samisk […]
Les heile saka
Kårvatn Skimo – blir arrangert 15.- 16. februar, med Trollheimen fjellsportklubb som arrangør. Dette er ein konkurranse som har lange tradisjonar – sia 2010 har det vore arrangert skimokonkurranse her, og kvart år har løpet vore ein del av norgecupen, skandinavisk cup eller NM.
Les heile saka
Juniorlandslaget i randonee befesta si stilling under dagens konkurranse i vertikal i Malino Brdo. Dei lokale heltane frå Trollheimen Fjellsportklubb måtte sleppe to tyskerar og ein østerriker framom seg, men sikra 4. og 5.-plassen med Isak Drøpping på 4. og Aron Rodal Haugen på 5.-plassen. Iver Holen frå Tromsø som går i same klasse var ikkje snauare enn at han sikre 6.-plassen.
Les heile saka
Frå i haust vil Nord universitet i samarbeid med Trøndelag sørvest, Lekseregionen, der Surnadal kommune er med, starte opp desentralisert sjukepleierutdanning. Tysdag 11. februar klokka 19:00 inviterer difor Nord universitet til digitalt informasjonsmøte på Teams.
Les heile saka
Dei to frå Trollheimen Fjellsportklubb sikra dei to første plassane i 18-årsklassen i dagens konkurranse i ISMF Youth WorldCup individuell i Malino Brdo. Aron Rodal Haugen tok gull og Isak Drøpping sølv – i tillegg kom tromsøværingen Ivar Holen på 6-plass i same klasse. I tillegg kom Elise Andersen frå Tromsø på 3.-plass i 20-årsklassen […]
Les heile saka
Samefolkets nasjonaldag (sámi álbmotbeaivi) 6. februar er ein dag felles for alle samar i Noreg, Sverige, Finland og Russland. Dagen vart feira for første gong i 1993, samstundes med at FN offisielt opna det internasjonale året for urfolk. Dagen vert feira på ulike vis i ulike lokalsamfunn, skriv nettsida wikipedia.org om temaet. I Surnadal foregår feiringa av samefolkets dag i kyrkjelydshuset kl 17:00.