Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Bli med på podeverkstad i arboretet!

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 3. mars 2025

Laurdag 15. mars klokka 13:00 er det klart for årets podeverkstad i Svinviks arboret. Da vil museumsgartner Stefan Patrick Nilsen og Sven Olav Svinvik lære bort grunnleggande teknikkar for poding, og ei får pode sitt eige tre.

Les heile saka

Stangvik onsdag: Sus av salmesong

Jon Olav Ørsal Måndag 3. mars 2025

Tordenskjold Songlag og Prosjekt 17 legg onsdag øvingskvelden sin til Stangvik kyrkje og inviterer alle til programmet «Salmesus».  Breidda av kyrkjeleg songkultur fyller programmet – nytt og gammalt, frå mange land og tradisjonar, frå tangorytmer til lokale folketonar.

Les heile saka

Todalingar på «glattisen» i Trondheim

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 2. mars 2025

Sjølv om det foregår eit verdsmeisterskap på ski i Trondheim, så foregår det også anna sport i Trønderhovudstaden, som til dømes i Leangen ishall, der Ozo Melhus laurdag hadde invitert Surnadal Blades til kveldskamp i ishockey i ishallen. Knut Bergli har sendt oss ein liten rapport frå kampen i Leangen ishall laurdag kveld. 

Les heile saka


ReMidt sin tømmekalender oppdatert

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 1. mars 2025

Da har vi lagt inn ReMidt sin tømmekalender for glass- og metallavfall, restavfall, papir og papp, plast- og matavfall, for mars og april 2025 inn i aktivitetskalenderen vår her på Todalen.no. Merik at Remidt hentar plast-, glass- og metallemballasje laurdag 8. april, altså laurdagen før palmesøndag. Tømmekalender for mai og juni 2025 blir lagt ut i måadsskiftet april/mai. 

Les heile saka

Driftsproblem på Kvanne – Rykkjem

Jon Olav Ørsal Laurdag 1. mars 2025

Rute 1061 Kvanne – Rykkjem:  Grunna driftsproblem vert følgjande avgangar innstilt frå Kvanne 08:30.  Det vert normal drift i sambandet frå kl 8:45, melder Fjord1. 


Klart til fasteaksjon – Håp i ein dråpe vatn

Innsendt av Bernt G. Bøe Laurdag 1. mars 2025

Nest etter NRKs årlege TV-aksjon står Kirkens Nødhjelp bak landets største veldedige pengeinnsamling. Under årets dør-til-dør-aksjon tysdag 8. april får heimane besøk av konfirmantar og andre med dei velkjende bøssene.  Kontaktar for sokna i Surnadal var torsdag samla til informasjon og henting av materiell. Konfirmantar og vaksne blir inviterte til «pep-talk» fredag 4. april.

Les heile saka

Årets farge er vinraud!

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 28. februar 2025

I mange år har Hals Oil fått laga capsar for sal. I år er ikkje noko unntak, og «årets farge» er vinraud. Capsane er å få kjøpt for kroner 150,- på Matkroken Todalen, kan Mari Brusethaug Redalen fortelje. 

Les heile saka

Sparebank1 Nordmøre: – Spennande næringslivsdag på gang

Jon Olav Ørsal Fredag 28. februar 2025

Tysdag 25. mars arrangerer Sparebank1 Nordmøre ny næringslivsdag i Surnadal. Det er ein godt innarbeidd tradisjon no – første gongen var i 2001, og sia er det arrangert kvart år, med unntak av eit par covid-år, fortel banksjef Troelsen.
Dei siste åra har vi samla rundt 200 deltakarar på konferansane, og så lenge det er så bra deltaking så er det vel verdt alt arbeidet med å være arrangør, fortsett Troelsen.  – Vi har lagt stor vekt på å hyre inn dyktige og aktuelle foredragshaldarar og har lagt stor vekt på at denne dagen skal være eit godt og sosialt treffpunkt med tanke på bygging av nettverk.

Les heile saka

Spekkhoggarar på lynvisitt på Todalsfjorden

Jon Olav Ørsal Torsdag 27. februar 2025

Torsdag var det celebert besøk på Todalsfjorden – 6-7 spekkhoggarar stakk innom på ein lynvisitt.  Etterpå forsvann dei like fort som dei kom – da bars det utover fjorden med dei igjen.  Ein observant lesar oppdaga spekkhoggarane på tur innover fjorden, og trudde først at det var niser som var på besøk. Men oppdaga etter kvart at det var noko som ikkje stemte.  Ein kjapp telefon, så var vi påkobla og vi fann dei raskt på den speilblanke havflata.

Les heile saka

Pensjonistforbundet – feira med treretters 50-årsdag

Jon Olav Ørsal Torsdag 27. februar 2025

Onsdag ettermiddag kunne leiar Bitten Ranes i Pensjonistforbundet Surnadal ønske velkomen til knappe hundre medlemar på 50-års festa på Thon Hotel Surnadal.  Totalt har ho 270 som er medlemar innafor kommunens grenser og 8.000 i MR-fylke, medan det på landsbasis er rundt 250.000 som er medlem.

Les heile saka