Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fotpleie i Sanitetshuset

Dordi Jorunn Halle Onsdag 12. mars 2025

No er det tid for ny runde med fotpleie i Todalen sanitetshus. Fotterapeut Pan Promchart tilbyr fotpleie tysdag 18. mars.

Les heile saka

Stor gospelhelg på søndag

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 11. mars 2025

Søndag 16. mars kjem gospelkoret Gospelexplosion frå Trondheim med sine seksti medlemmer og dirigent Leif Ingvald Skaug på besøk til Ranes og Stangvik kyrkjer. Her blir det feiande flotte rytmar, skikkelig «sørstatsgospel» og gode moglegheiter for «sing-along» (allsang).

Les heile saka


Lyst på sommarjobb i Svinviks arboret?

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 11. mars 2025

Nordmørsmusea og Svinviks arboret lyser no ut årets sesongstillingar i arboretet. Så har ein lyst til å arbeide i arboretet i sommar, eller kjenner ein kanskje nokon som har lyst til å jobbe i arboretet? 

Les heile saka

Ope bakeriutsal hos Lia gard på fredag

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 10. mars 2025

Fredag 14. mars frå klokka 12:00 – 17:00 inviterer Lia gard på nytt til ope bakeriutsalet. Da blir det høve til å sikre seg både grovbakst og noko godt til «helgakaffen». 

Les heile saka

Bob Dylan til Surnadal, vel og merke på kino da!

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 10. mars 2025

Frå romantisk western, via «bleie-helt» til prøvekanin i verdsrommet på Surnadal kino denne veka. Og så denne Bob Dylan! Filmklubben viser den romantiske westernfilmen «Til verdens ende» osdag 12. mars klokka 12:00. 

Les heile saka

Kløvertur i Øyalia

Dordi Jorunn Halle Sundag 9. mars 2025

Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 10. mars. Oppmøte ved Matkroken og start derifrå kl. 11:00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur.

Les heile saka

Kortreist energi og fritidssyssel med innlagt 5-mil frå VM

Jon Olav Ørsal Laurdag 8. mars 2025

Frode Grønyr var i full gang med vedhogst i dag da vi passerte Halagrenda.  PÅ spørsmål om han jobba med å sikre neste vinter kunne han berette at det var han faktisk ferid med, men no var det mest landskapspleie og fritidssyssel som stod på programmet. – Reknar med at det blir kort dag i dag, ettersom 5-mila frå VM i Trondheim kjem på TV’n etter kvart

Les heile saka

Ny VM-medalje i Morgins – denne gongen til Elise på individuell

Jon Olav Ørsal Fredag 7. mars 2025

I føremiddag har U-20 og U-18 alt gjort unna sin kunkurranse i individuell.  I dameklassen var det bare Elise Hjelset Andersen som stillte til start, men til gjengjeld la ho beslag på bronsemedalja.  Ho gjekk seg opp frå ein 5.-plass ved første passering, og endte opp på ein 3.-plass ved målgang.  Ingrid Klokset meldte avbud før start på grunn av sjukdom i dag. 

Les heile saka

Årets russerevy «Tenkje sjøl?!» på øvste hylle!

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 6. mars 2025

«Tenkje sjøl?!», ja, det er namnet på årets russerevy i Surnadal, der Edel Therese M. Karlsen og Van Adrian Hadraque Ansnes representerer Todalen i årets russekull. Båe to er med på Scena under årets russerevy, som hadde premiere i Storstuå på Surnadal kulturhus torsdag kveld. Nordvikgardingen Synnøve Nordvik, saman med Ida Mo og Elida Sofie Fiske, utgjorde leiarteamet for årets russerevy. 

Les heile saka

Vegfundamentet har rasa ut i Falla

Jon Olav Ørsal Torsdag 6. mars 2025

Vegen som går opp Falla, rett ovafor Gammelfabrikken, er betydeleg svekka på grunn av at vegfundamentet er svekka og delvis rasa ut. Det er nok store nedbørsmengder i går kveld og i natt som har ført til at det har vorte skade på vegen.

Les heile saka

VM i Morgins: – Pallplass på Aron og Isak

Jon Olav Ørsal Torsdag 6. mars 2025

I dag var det Aron og Isak som hadde den store dagen – saman med Hampus Tronvoll vart dei kvalifiserte til både kvartfinal, semifinale og til slutt til finalen i dagen sprint i randonee-VM i Morgins i Sveits.  Heilt unikt at 3 norske juniorar greier å kvalifisere seg til finalen i eit slikt mesterskap med 33 i U18-klassen.  Spenningen var derfor stor når 3 av dei 6 i finalen var norske.

Les heile saka