Da er jula forlengst ferdig, og dei fleste har nok hiva ut både juletre, julepynt og julebelysning – og starta den vanlege grå kvardagen. Og kvardagen er god, og kanskje er den aller best? – Sanitetskvinnene er også komne i gang med kvardagen, og laurdag vart årets første strikkekaffe arranger i Sanitetshuset på Kvennset.
Les heile saka
Mange gode kort på Surnadal kino no, og Seniorfilmklubben tek det første stikket. For det er klassikaren frå 1973, med Robert Redford og Paul Newman, som er sett øvst på plakaten i filmklubben denne vinteren. Onsdag 24. januar klokka 12:00 blir det ragtimemusikk og «høk-over-høk» (eller «skurk-lurar-skurk», som kanskje er meir forståeleg i dag). «The Entertainer», musikken frå «Stikket», vil dei fleste kjenne att.
Les heile saka
Nå er det klart for årsmøte i Surnadal Senterparti. I år møtes vi på Frivilligsentralen tirsdag 23. januar kl 19.30.
Vanlige årsmøtesaker. Om noen har saker til årsmøtet send dette på sms til 91343036, Silje Beate Holten innen 20 januar. Det blir matservering på møtet.
Les heile saka
Tysdagar etter skuletid samlar Torbjørn Brøske og Bernt G. Bøe årets konfirmantar i Todalen, Stangvik og Åsskard kyrkjer til konfirmantundervisning, ei av dei av tre kyrkjene. Før konfirmantundervisninga tek til, serverer sokneråda mat og drikke. Bernt G. Bøe har sendt oss ein rapport om kva konfirmantane får lære gjennom konfirmantopplæringa.
Les heile saka
Trollheimsutstillinga som i si tid stod på Stangvik skule skal no monterast på Gammelfabrikken i Brusetmarka. Heilt sia Stangvik skule var ombygd og renovert har utstillinga levd eit omflakkande liv – til Todalen kom utstillinga frå lageropphald på Bøfjorden skule. No er den «nye heimen» i 2. etasjen på Gammelfabrikken under oppussing, og monteringa er så smått komen i gang.
Les heile saka
Todalen sanitetsforening inviterer til Fredrikkekaffe / strikkekaffe laurdag 20. januar i tidsrommet 13:00 – 16:00. Vel møtt!
Les heile saka
I går ettermiddag inviterte Barne- og ungdomsgruppa i Todalen Idrettslag til Pop-up «barn i løypa» i lysløypa på Tjønnmyra. – Det var kjempefine løyper og verkeleg fine forhold for å gå på ski, sjølv om det var mange kuldegrader, fortel leiar i Barne- og ungdomsgruppa, Anders Gjeldnes.
Les heile saka
I ei pressemelding frå Vårsøghelga no i kveld, får vi vite at TrondheimSolistane avsluttar vårsøghelga 2024 med konsert i Storstuå på Surnadal kulturhus søndag 26. mai klokka 19:00. Her vil TrondheimSolistene framføre Vivaldis «Dei fire årstider», der orkesteret sin eigen leiar, Geir Inge Lotsberg som er solist. TrondheimSolistene har turnert verda rundt med Vivaldi sine årstider, med mellom anna Anne-Sophie Mutter, Joshua Bell og Marianne Thorsen som solistar. men denne gongen er det altså lotsberg som er solist.
Les heile saka
Surnadal Jeger og Fiskerforening (SJFF) kallar inn sine medlemmar til årsmøte 29. februar klokka 18:30 i klubbhuset på Tellesbø, Nordsida 198. Vanlege årsmøtesaker.
Les heile saka
Barne- og ungdomsgruppa i Todalen Idrettslag inviterer til «barn i løypa» i lysløypa på Tjønnmyra onsdag 17. januar klokka 17:30. – Det er kort varsel, så det blir meir som eit «pop-up» arrangement, men det er fine forhold for å gå på ski no, så da må vi berre kome i gang, seier Anders Gjeldnes, leiar i Barne- og ungdomsgruppa.
Les heile saka
I år blir det nok ny giv for Kjerringdilten, seier Terje Nordvik som saman med styret for TIL Skihytta har invester i nye startnummer til årets arrangement. Langfredag er nemleg årets høgdepunkt, når Kjerringdilten går av stabelen. Terje er leiar i hyttestyret, og saman med Veidekke som sponsor er det investert 10-12.000 i nye startnummer til Kjerringdilten og andre arrangement på Skihytta som Todalen IL har på Ørsalfjellet.
Les heile saka
Styret i Nordmøre forsvarsforening kallar inn sine medlemmar til årsmøte fredag 16. februar klokka 13:00 på Fjordkroa på Aspøya, Straumsnes. Vanlege årsmøtesaker. Det blir også vist bileta frå den forsvarshistoriske turen til Kvalvik fort i 2023, frå ein tur på Ringebufjellet, til eit gamalt tysk flyvrak frå krigen og frå 8. mai-markeringa.
Les heile saka