Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Mykje vatn som skaper utfordringar

Jon Olav Ørsal Onsdag 24. januar 2024

Regnet dei siste dagane har ført til både store dammar og inntrenging i både kjellarar og bygg. Heldigvis har det vore opphaldsvêr det siste døgnet, så no er vatnet på retrett.  Ein av plassane som har fått føling med vassmengdane er på Todalen kyrkjegard, der synkebrønnen  var frose til da regnvêret stod på som verst.

Les heile saka

Kvanne – Rykkjem: No er det normal drift

Jon Olav Ørsal Tysdag 23. januar 2024

Rute 1061 Kvanne – Rykkjem:  Grunna teknisk feil har sambandet vore ute av drift tysdag kveld. No er det normal drift igje, melder Fjord1.


Balleik i gymsalen onsdag

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 23. januar 2024

Onsdag 24. januar klokka 18:00 – 19:00 inviterer Barne- og ungdomsgruppa i Todalen Idrettslag til Balleik i gymsalen ved Todalen skule. Her blir det opp til dei som møter opp å avgjere kva for balleikar dei skal halde på med i timen dei har til aktivitetar. Tilbodet gjeld for 1 – 10. årstrinn.

Les heile saka

Legevakta på flyttefot

Bjørn Gunnar Ansnes Tysdag 23. januar 2024

Den interkommunale legevakta i Orklandsregionen, som Surnadal kommune er ein del av, flyttar inn i nye lokale frå og med torsdag 1. februar klokka 15.30. Ny adresse er Tunvegen 15, 7320 Fannrem. Legevakta vil fram til torsdag 1. februar klokka 08:00 vere lokalisert i dagens lokaler, og flyttar altså til Fannrem klokka 15:30 same dag. 

Les heile saka

Kveld med fokus på eldreomsorg og velferdsteknologi

Jon Olav Ørsal Tysdag 23. januar 2024

Det var egentleg Surnadal pensjonistlag som inviterte til miniseminar om eldreomsorg og velferdstenologi måndag kveld. Helge Røv hadde vore på kurs om temaet og smidde medan jernet var varmt.  Saman med omsorgs- og helsepersonell vart det ein interessant kveld for ein nærast fullsett Svorkasal på kulturhuset.

Les heile saka

Trollheimsutstillinga – og dei som laga kulissane

Jon Olav Ørsal Måndag 22. januar 2024

Før helga hadde vi ein liten omtale om Trollheimsutstillinga og arbeidet som no har starta på for å montere dyra og kulissane på Gammelfabrikken.  Vi kjente ikkje så godt til historia om korleis utstillinga vart til og kven som stod bak.  Saka vi laga har hatt mange lesarar, og vi har faktisk fått tilbakemelding som har kjennskap og ikkje minst bilder frå Utstillinga vart laga i 1990.  Det sett vi stor pris på og vi vil gjerne ha meir informasjon om korleis den vart til og kven som var med. 

Les heile saka

Årets første bakeriutsal hos Lia gard

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 22. januar 2024

Fredag 26. januar, mellom klokka 12:00 – 17:00,  inviterer Lia gard til årets første bakeriutsal. Dette markerer dei med «nyttårstilbod» på grovbrød. Da får du grovbrød til kr. 45,- per brød.  

Les heile saka

Inviterer til «felles middag»

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 21. januar 2024

Kyrkja i Surnadal inviterer til «Felles middag» på kyrkjelydshuset onsdag 24. januar klokka 16:00. Store og små i alle aldrar er da velkomne til kyrkjelydshuset på Skei, der det blir servert middag med påfølgande ettermiddagskaffe/te.

Les heile saka


Redningsaksjon i Sula søndag ettermiddag

Jon Olav Ørsal Sundag 21. januar 2024

Søndag ettermiddag er tre personar tekne av snøras i området Sula/Svinvikbotn. Ifølgje politiet vart dei ført rundt 300 meter nedover fjellsida. Ein person har fått kneskade, og er henta ut av helikopter. Dei ta andre tek seg ned på eiga hand.  Så langt er dette alt vi veit om redningsaksjonen.