Da vart vi straumlause i store delar av Todalen. Det var litt etter halv sju at straumen forsvann. På biletet, som Ingri Bruset har teke, ser vi at det brenn i ei straummast, som er årsaka til dette.
Les heile saka
Da vart vi straumlause i store delar av Todalen. Det var litt etter halv sju at straumen forsvann. På biletet, som Ingri Bruset har teke, ser vi at det brenn i ei straummast, som er årsaka til dette.
Les heile sakaMed Sparebank1 Nordmøre som arrangør er det klart for Næringslivsdagen 2023. Det skjer onsdag 30. mars, og banken oppfordrar både firma og privatpersonar til å delta på Næringslivsdagen i Surnadal. -Vi held på og kjem i mål med programmet, og har mykje interessant å by på denne dagen, seier banksjef Allan Troelsen i Sparebank1 Nordmøre. Han fortel at det har vore jobba llenge i banken for å få til eit bra og interessant program som fenger skikkeleg.
Les heile sakaBarne- og ungdomsgruppa i Todalen Idrettslag inviterer til «barn i løypa» i lysløypa på Tjønnmyra 9nsdag 7. fabruar klokka 18:00 – 19:00. Det blir servert saft etterpå, og det blir fyrt i paisen i gapahuken. Barne- og ungdomsgruppa lover nypreparerte løyper og fine forhold for å gå på ski.
Les heile sakaSamefolkets dag (sámi álbmotbeaivi) 6. februar er ein dag felles for alle samar i Noreg, Sverige, Finland og Russland. Dagen vart feira for første gong i 1993, samstundes med at FN offisielt opna det internasjonale året for urfolk. Dagen vert feira på ulike vis i ulike lokalsamfunn, skriv nettsida wikipedia.org om temaet. På nettsida morsmål.no kan du lese meir om samane sin nasjonaldag.
Søndag 11. februar er det morsdag, så fredag 9. februar, mellom klokka 12:00 – 16:00, inviterer Lia gard til morsdagsutsal i bakeriutsalet sitt i Lia. Så da blir det mogleg å få kjøpt noko godt for å overraske mor! Det blir også mogleg å få kjøpt både grovbrød og knekkebrød.
Les heile sakaEin månad inn det nye året, vi gjer oss klare for å finne 2024 sin første vinnar i kåringa av det beste innsendte bilete. Naturen sine eigne ljosglimt, frost finare enn eit julekort og vebju er stikkord for denne runde.
Les heile sakaLitt over to år etter at hengebrua over Toåa i Brusetmarka over til Heggøysida, fekk skade av vind, har stormen som herja i går ettermiddag og kveld skada den ytre wiren slik at hengebrua har vorte skeiv. Svenn Rune Kjølstad, som er nabo til hengebrua, advarer på Oppslagstavle Todalen folk å ferdast over brua, spesielt no når det er snø og is, advarer han.
Les heile sakaI går var det ein stor dag med selebert besøk av både preses, biskop og prost i Todalskyrkja, men for lille Ebba med etternamn Ansnes var nok dagen i dag enda større. Under søndagens gudsteneste vart ho båret til dåpen i kyrkja, og fekk altså namnet Ebba. Søndag var det ordinær gudsteneste i kyrkja, og dåpshandlinga var altså ein del av gudstenesta på same måten som nattverden var det.
Les heile sakaUtover ettermiddagen var det skikkelege vindrosser som gikk oppover bygda – faktisk var målingane tett opp mot orkan i kasta. Kristen Bruset har ein målestasjon som også måler vind, og laurdag ettermiddag var det målt 30 m/sek i Brusetnesset. Det vart i meste laget for eit av dei store tuntrea på Todalshytta, og dermed bar det overende med det store treet.
Les heile sakaFrå torsdag til i morgon, søndag, er Møre bispedøme og biskop Ingeborg Midtømme vertskap for preses i Bispemøtet Olav Fykse Tveit, som er desse dagane er på nordmørsbesøk. I dag tok dei to, saman med prost Vidar Wilhelmsen Rygh i Indre Nordmøre prosti turen til Todalen. Først var dei innom kaffekroken på Matkroken Todalen for ein uformell samtale og kaffelag, før turen gikk vidare til Todalen kyrkje for aftensong der.
Les heile sakaDet har vore meldt mykje vêr og ekstremvêr i fleire dagar no, men det er nok utmed kysten og nordover i landet dei har fått mest møling med både full storm og orkan i kasta. Fredag var det nok mykje regn, men sjølv om Toåa og andre elvar voks opp, så har det ikkje vore flaum. Størst var no Toåa i 4-tida i natt, og i løpet av natta har det nok vore ein del isgang, men ikkje noko skade.
Les heile sakaRute 1061 Kvanne – Rykkjem: Grunna dårleg ver vert sambandet innstilt inntil vidare, melder Fjord1 til Todalen.no i dag kl 13:22.
Laurdag kveld melder Fjord1 at sambandet blir innstilt ut kvelden.
Normal drift frå avgang kl 07.30 frå kvanne laurdag morgon.