Onsdag 23. mars kl 19.30 blir det «Kafekonsert» med Tordenskjold i Nordvik grendahus. Det er gratis inngang og salg av kaffe og mat. Loddsalg er det også. Nokre gjesteinnslag vil det også kome fra scena, kanskje noko gammelt revystoff, skriv Lars Husby i ei melding til Todalen.no.
Det er ikkje berre i Sanitetshuset det foregår fotpleie. Det er nødvendig å pynte på klauvene til kyrne også, og det behovet har forsteka seg etter at det vart pålegg om å bruke gummimatter i båsane, fortel Frode Grønmyr hos Todalen Samdrift. Gummimattene gir mindre slitasje på klauvene, og klauvene må skjerast ned for å sikre god beistilling […]
Les heile saka
Torsdag kveld arrangerte FAU bokkveld med servering av bakels og kaffe medan biblioteket var åpent, med høgtlesing frå bøker og sosialt samvær. Eit trettitals vaksne og ungar møtte opp, og det var rekordstort utlån av bøker ved biblioteket. Vi håpar mange fekk ein triveleg tur på biblioteket, og at mange tek ein tur tilbake på eit seinare tidspunkt.
Les heile saka
Todalen oppvekstsenter markerer skulebygninga sitt 90. skuleår med ein jubileumsfest laurdag 9.april 2011. Andre skular og barnehagar i kommunen har feira ulike jubileum det siste året, men dei er berre “ungdommar” i forhold til skulen vår. Skulen vil lage ei utstilling med gamle og nye ting, elevarbeid, filmsnuttar og bilete.
Les heile saka
Energinettverket Svorka hadde si første storsamling i Kammerset (kinosalen) på kulturhuset onsdag, der temaet var framtidige løyingar for belysning og forbrenningsteknikk. Energinettverket er eit samarbeidsprosjekt mellom åtte bedrifter på «indre», der dei tre Talgøbedriftene MøreTre, T-Komponent og Talgø Møbelfabrikk er med. Formålet med dette samarbeidsprosjektet er å spare straum, og dei har sett seg shøge mål: Dei skal tilsaman spare 5 mill kWh pr år gjennom meir fornuftig bruk av energi.
Les heile saka
Årsmøte i Todalen idrettslag blir halde i Todalen ungdomshus fredag 18. mars 2011 kl 1930. I tillegg til vanlege årsmøtesaker står står det bygging av ny lysløype på saklista.
Her kan du laste ned fullstendig saksliste for årsmøtet.
Styret i Todalen idrettslag
Jamnleg skal ein ha kontroll og godkjenning av private brannslokkningsapparat. 5. kvart år for private og kvart år for næringsdrivande. Før i tida var dette ein jobb som brannmeister Leif Peder Fugelsøy i Surnadal kommune tok seg av etter forespørsel, men etter at han gjekk av med pensjon har ingen teke desse kontrollane.
Les heile saka
Snart er det vår og tid for hamskifte. Butikken på låven, Kårvatn Fjellutstyr, ryddar lageret for store mengder ski- og vinterklær av merka Sweet, Houdini, Husky og Arc’teryx og gjer plass til vår og sommarvarene. Ein mengde junior- og dameski og mykje anna skal ut. Laurdag 19. mars (10-16) startar dei salget, og dei lovar høge prosenttal på salsplakatane sine.
Les heile saka
Tysdag kveld var det årsmøte i Todalen.no i ungdomshuset. Dette var det første ordinære årsmøtet i laget, og nærare 20 frammøtte representantar for lag og foreningar i bygda møtte opp. Årsmøteskane var fort unnagjort og første driftsår kom laget ut med eit bra resultat, da kostnadane har vor halde i sjakk gjennom eit nøkternt forbruk av ressurser, og mykje av arbeidet har vore dugnadsinnsats.
Les heile saka
Tirsdag ble det arrangert kurs for avløsere hos Oddvar Mikkelsen i samdriftsfjøset på Nordvik. Temaet var melkeroboter, som det blir stadig flere av både i Norge og i Surnadal. I dag er det fire melkeroboter i Surnadal.
Les heile saka
Tirsdag formiddag markerte Surnadal Bondelag og Todalen Bondelag budstikkestafetten som Norges Bondelag arrangerer. Etter at stafetten startet i Rindal i går, var det i dag markering i Surnadal. Da viste leder i Surnadal Bondelag, Oddvar Mikkelsen, nestleder i Todalen Bondelag, Ingebrigt Ramsøy, Mona Rosvold fra Surnadal Kommune og Ola Krangnes fra Surnadal Sparebank at de står sammen i kravene fra Norges Bondelag.
Les heile saka
Historielaget arbeider med eit jubileumsskrift for Todalen kyrkje som fyller 150 år i 2011. Det er interessert i alle bilder frå kyrkja og kyrkjelivet for bruk i jubileumsskriftet. Har du gamle bilde, så ber dei om at du tek kontakt med Ingri Bruset tlf 913 38 038 eller Ragnhild Ansnes Moe tlf 922 02 656 så snart som muleg (siste frist er 1. april). Dei oppfordrar til å sjå litt i gamle albumar, for det er utruleg kva som dukkar fram der. Det er aktuelt med både inn- og utebilder.