Det var god deltaking på dagens gudsteneste i Todalen kyrkje – over førti deltakarar må være bra i det fine, men kalde vêret. Det var Hans Arne Akerø som var vikarprest i dag, medan Bernt Bøe vikarierte på orgelkrakken og Randi V. Bøe var klokkar/tekstlesar.
Les heile saka
Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 11.mars. Oppmøte ved Matkroken og start derifrå kl. 11:00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur!
Les heile saka
Styret i Surnadal Pensjonistlag inviterer til medlemsmøte tysdag 19 mars klokka 15:00 i kantina på Surnadal sjukeheim.
Bengt Eriksson frå Kristiansund kjem og fortel om korleis pensjonen har utvikla seg gjennom tid.
Les heile saka
Todalen Sokneråd inviterer til gudsteneste i Todalen kyrkje søndag 10. mars klokka 11:00. Hans Arne Akerø er prest, medan Bernt Bøe er organist.
Les heile saka
I går kveld hadde Todalen bøgdalag invitert til «skottårs-quiz», med Endre Talgø som quiz-master. Han hadde laga ein variert quiz, med både lokale og litt meir internasjonale spørsmål. Sia det var den internasjonale kvinnedagen i går, så hadde han også med fem spørsmål knytta til den.
Les heile saka
Årsmøtet til Todalen I.L. var unnagjort på halvanna time – godt førebudde saker gjorde at møteleiar Elinor Bolme fikk sakene fort unna. Årsmeldingar både frå hovedlaget og gruppene, samt rekneskapen vart godkjent nærast på direkten. Todalen I.L. har i dag 308 registrerte medlemar, og det er faktisk fleire enn vi har innbyggarar i Todalen.
Les heile saka
Fredag 8. mars klokka 20:00 inviterer Todalen bøgdalag til «skottårsquiz» i Todalen ungdomshus. Det blir premiering av dei to beste laga, så bøgdalaget oppfordrar til å kome og bli med på quiz, eller berre ta ein tur for å treffe folk! Det er Endre Talgø som er quizmaster denne gongen.
Les heile saka
Onsdag var det definitivt slutt på kontorhald i Moelvenbrakker og flyttesjau hos Melby Snekkerverksted på Eide. Melby Snekkerverksted har dei siste åra vore ein del av Talgøkonsernet, og har etter kvart vokst ut av det gamle kontorbygget. – Det siste året har vi formeleg «bugg i brakker», og no sett vi umåteleg stor pris på at vi får flytte inn i det nye og fine kontorbygget, seier dagleg leiar Bjørn Melby.
Les heile saka
Blir like imponert kvar gong eg er på revy – imponoert over at eit russekull, eller rettare sagt ein avgangklasse på vidaregåande kan lage så god underhaldning. Onsdag kveld var vi invitert på generalprøve på årets russerevy, og det var ei stor oppleving.
Les heile saka
Måndag vart det funne ein død hjortkalv på lunningsplassen ved Ørsalhøgda. I dag er det meste spist opp, så det har nok vore kalas i løpet av natta. Om det er gaupa, jerven eller anna rovdyr som har teke livet av hjortkalven det veit ikkje vi, da det ikkje lenger er sporsnø.
Les heile saka
Torsdag 7. mars klokka 19:00 er det årsmøte i Todalen Idrettslag i Todalen ungdomshus. No har Todalen Idrettslag lagt ut årsmeldingane sine for 2023 og styret sitt forslag til ny organisasjonsplan. Både årsmeldingane og den nye organisasjonsplana skal behandlast på årsmøtet på torsdag.
Les heile saka
I ei pressemelding frå Svorka no i ettermiddag, kan vi lese at Svorka har hatt ein strålende start på det nye året, og kan melde om positive prisnyheiter for solcellepanel. Ei av årsaken til at prisene på solceller har gått ned, er at det amerikanske finansdepartementet nylig kom med ei rettleiing som opnar opp for at det kun blir USA-baserte solcelleutviklarar som skal få skattefrådrag som blir tilbydd gjennom Inflation Reduction Act (IRA) – så lenge dei lagar solcellene sine i Statene. Dette har stoppa alle leveransar av solcellepanel frå Kina til USA, og fører til eit overskott på solcellepanel i Europa.
Les heile saka