I Brusetmarka – på vegen opp Falla ligg det ein stor stein midt i vegbanen. Det er imidlertid god mulegheit for passering, men den kan kanskje kome litt brått på. På øversida av vegen er det eit lite «utlopp» der steinen er komen frå, og det kan være ein viss fare for at det kjem fleire steinar – eller masse derifrå. – Steinen er forlengst fjerna, fortel Kjell Gunnar Polden, som har stillt opp med traktor og reiskap.
Les heile saka
I går kveld besøkte Riksteatret, i samarbeid med Teatret Vårt Storstuå på Surnadal kulturhus, der dei viste fram teaterstykket Det mørke fortet. Seks lokale Minecraftspelarar var med som aktørar under framføringa. Frå Todalen var det Sivert Sogge, Trygve Aleksander Halle, Fredrik Sogge og Håkon Brøndbo som entra scena.
Les heile saka
I kveld var det årsmøte i Nordvik Grendalag i Nordvik forsamlingshus. Her stod vanlege årsmøtesaker som årsmelding, rekneskap, val og innkomne saker på saklista. Grendalaget serverte også kaffe og noko å bite i under årsmøtet sitt.
Les heile saka
Surnadal Jeger og Fiskerforening (SJFF) minner sine medlemmar om årsmøtet torsdag 29. februar klokka 18:30 i klubbhuset på Tellesbø, Nordsida 198. Vanlege årsmøtesaker.
Les heile saka
Onsdag 28. februar klokka 18:00 – 19:00 inviterer Barne- og ungdomsgruppa i Todalen Idrettslag til Balleik i gymsalen ved Todalen skule. Her blir det opp til dei som møter opp å avgjere kva for balleikar dei skal halde på med i timen dei har til aktivitetar. Tilbodet gjeld for 1 – 10. årstrinn.
Les heile saka
I dag var det aksjon med fraktisng av stortåillå fram til bilveg. Det var Per Gjeldnes Maskin som hadde fått oppdragen med å frakte den 7 m3 furua frå vosterplassen i øyalia og ned til skogsbilvegen ovafor ungdomshuset. Gjeldnes Maskin stillte med 22-tonns gravemaskin til transporten, og tysdag morgon var prosjektet i gang.
Les heile saka
Fredag 1. mars klokka 18:00 – 21:00 inviterer Treffast Surnadal til swingkurs i Toneheim i Surnadal. Det er undergruppa «Kom å dans» som er teknisk arrangør av kurset, og kurset er for «nybegynnarar», så har du lyst til å lære deg swing, så er det berre å møte opp i Tonheim. Det blir servert kaffe og noko attåt heiter det i invitasjonen til kurset.
Les heile saka
I ei pressemelding frå Amfi Kreativ no i dag, blir Surnadal og Nordmøre, for første gong, invitert til fagfrokost i Amfi kreativ sine nye og inspirerande lokaler i Svartvassvegen 2, fysdag 12. mars klokka 08:00 – 09:30, for fagleg påfyll og nettverksbygging. Amfi Kreativ er distriktets største fagmiljø innan reklame marknadsføring.
Les heile saka
Når StikkUT! sommer lanseres 1. mai er det til sammen 9 områder som er med på opplegget. Målet er å bli landsdekkende innen 3 år. StikkUT! som vart lansert i Møre og Romsdal i 2005 er det største folkehelsetiltaket i fylket.
Les heile saka
Styret i Stangvik Historielag kallar inn til årsmøte i Myrvang forsamlingshus torsdag 29. februar klokka 19:00. Etter at årsmøtesakene er behandla, blir det servert mat og kaffe. Svein Sæter vil også kome for å presentere boka «Amerikabrev», boka med brev frå/til «gullkongen» Fredrik Bruseth og søskene hans.
Les heile saka
Randonelandslaget var klare på startstreken, da starten på sprinten gjekk kl 9:30 søndag morgon. Det var totalt 121 startande på prologen, der kvalifiseringa til finalane foregikk. Dei 30 beste vart med til andre runde og 12 til semifinalen og 6 til finalen. Av dei 4 norske som deltok i prologen, var det berre Hans Inge Klette som kvalifiserte seg til å bli med vidare – Erik kom på 40.-plass og var 7:19 for sent i mål til å bli med vidare.
Les heile saka
I dag har det vore Mix-stafett i Val Martello i de italienske alper. Norge stillte med eit lag – nemlig Hans-Inge Klette og Ida Waldahl, og dei to gjorde slett ikkje skap på dei norske fargane i dagen konkurranse. Etter spennende kvalifisering og finaler enda dei to på 8.-plassen på tida 41:30:52 og berre 3:13.
Les heile saka