På tysdagar frå 10:00 – 11:30 er det no starta opp dametrim på Hett & Svett. Så har du lyst til å vere med å trimme litt i lag med andre damer og ha det litt sosialt, så er det berre å møte opp og bli med!
Les heile saka
På tysdagar frå 10:00 – 11:30 er det no starta opp dametrim på Hett & Svett. Så har du lyst til å vere med å trimme litt i lag med andre damer og ha det litt sosialt, så er det berre å møte opp og bli med!
Les heile sakaKirkens Nødhjelpkontakt i Surnadal og Rindal, Gro Hauge Venås, ønsker på vegne av Kirkens Nødhjelp å rette ein stor takk for alle bidrat til årets fasteaksjon, og til alle konfirmantane, foreldra og frivillige som deltok i innsamlinga på tysdag. Ho rettar også ein stor takk til dei som har vippsa til 2426 eller gjeve kontantar. Bidraga går rett inn på Kirkens Nødhjelp sin konto.
Les heile sakaPåska er like rundt hjørnet, og på Todalshytta startes påskefeiringa med baqlldag komande tysdag 26. mars. Som vanleg er det servering frå kl 15:00 til Kl 18:00. Kjøkkenet byr også denne dage på både potetball eller sildball med tilbehør. Om du vil ha potetball eller sildball er nok «smak og behag» – og da er det nok best med det du er vant til, seier Arve Evensen som er vertskap på Todalshytta.
Det var Sparebank1 Nordmøre som stod som arrangør, da vel to hundre deltakarar var på plass i Storstua da banksjef Allan Troelsen ønska velkomen. Årets næringslivsdag er nr 20 i rekkja, og Troelsen starta årets arrangement med å orientere om verksemda til banken. Han poengterte at det er viktig for næringslivet å delta på slike arrangement, både for å treffe andre og for å bygge nettverk. Da blir Storstua den perfekte møteplassen, og bank kjem til å fortsett med dette så lenge det er interesse for å delta, sa Troelsen.
Les heile sakaHistorielaget heldt årsmøte i Ungdomshuset tysdag 19. mars med godt oppmøte.
Les heile sakaAkkurat no arrangerer SpareBank 1 Nordmøre «Næringslivsdagen» 2024 på Surnadal kulturhus. No rett etter lunsj vart «Utviklingsprisen» for 2024 delt ut, og årets vinnar vart Takstmann Øyås AS, som har sitt hovudkontor på Nordvik og er eigd av ekteparet Nils Håvard Øyås og Karin Åsbø.
Les heile sakaI går kveld var det medlemsmøte i Surnadal pensjonistlag i kantina på Surnadal sjukeheim. Før medlemsmøtet tok til, var det eit kort styremøte i møterommet på sjukeheim. Deretter flytta dei til kantina på sjukeheimen for å gjennomføre medlemsmøte
Les heile sakaSiste kløverturen før påske gjekk Litjrundt og var innom tre grender: Halagrenda, Øyagrenda og Brusetgrenda.
Les heile sakaDen siste perioden med godt vêr og ganske høge temperaturar har gjort at sjøisen, som har vore målt til opp mot 20 centimeters tjukkelse, no syng på siste verset.
Les heile sakaTodalen historielag minner om årsmøtet i morgon tysdag 19. mars klokka 19:00 i Todalen ungdomshus. På sakskartet står vanlege årsmøtesaker.
Les heile sakaTodalen sokneråd er ansvarleg for fasteaksjonen i Todalen. Anita Talgø som er KN-kontakt i Todalen fortel at konfirmantane vil få ansvaret for å samle inn pengar for fasteaksjonen i år. Tysdag kveld 19. mars, frå kl 17 og utover, kjem dei på døra med innsamlingsbøssa. I år er det viktigare enn nokon gong at vi er rause til å støtte fasteaksjonen til Kirkens Nødhjelp – vi må gje så det svir.
Les heile sakaKyrkja i Surnadal inviterer til «felles middag» på kyrkjelydshuset onsdag 20. mars klokka 16:00. Store og små i alle aldrar er da velkomne til kyrkjelydshuset på Skei, der det blir servert middag med påfølgande ettermiddagskaffe/te.
Les heile saka