Du trudde kanskje ikke det vart påskekrim i år? Nåh-nei, frå og med i morgon (onsdag) kjem det tradisjonen tru eit nytt svært lokal og kortreist mysterie med tittelen «Eit steinansikt frå sjynå – når kjempar fell, kjem nye».
Les heile saka
Du trudde kanskje ikke det vart påskekrim i år? Nåh-nei, frå og med i morgon (onsdag) kjem det tradisjonen tru eit nytt svært lokal og kortreist mysterie med tittelen «Eit steinansikt frå sjynå – når kjempar fell, kjem nye».
Les heile sakaTodalen bøgdalag minner om «påskequzen» sin onsdag 27. mars frå klokka 19:00 i Todalen ungdomshus. Quizen tek til klokka 20:00. Det er Sondre Halset som er quizmaster denne gongen. Så har duu lyst til å quize og møte andre i påska, så er ungdomshuset rette staden på onsdag!
Les heile sakaTodalen sokneråd inviterer til friluftsgudsteneste på Tjønnmyran 2. påskedag. Å avslutte påska med friluftsgudsteneste har lang tradisjon – først var det på Haugligardane i mange år, men dei siste åra er det gapahuken på Tjønnmyran som har «husa» arrangementet. 2. påskedag startar gudstenesta på Tjønnmyran kl 12, og det er vikarprest Hans Arne Aakerø som er litturg.
Les heile sakaDet er ikkje så vanskeleg å lage nye frukttrær, men det er faktisk ein del knep ein må bruke for å få bra resultat. Søndag var det kurs i poding i Svinviks arboret, og da var det mange interesserte deltakar som meldte sin interesse for å lære faget.
Les heile sakaSurnadal Blades er ein lokal ishockeyklubb med både Todalingar, Surnadalingar og fleire til – søndag var dei i Kristiansun for å prøve isen i Nordvest Arena på tampen av sesongen. Surnadal Blades hadde med seg forsterkningar frå Sagene Puck i Rindal, og kalla seg for høvet for Sagene Blades.
Les heile sakaNM i Randonee har i helga pågått i Lillehammer, og i dag var det full spenning under NM i sprint der både Erik Kårvatn og Aron Rodale Haugen hamna på pallen – på henholdsvis 2. og 3. plass.
Les heile sakaFredag 29. mars (langfredag) klokka 13:00 inviterer driftsstyret for skihytta til den tradisjonelle «Kjerringdilten» på skihytta til Todalen Idrettslag. Vinnaren av «Kjerringdilten» får eit napp i vandrepokalen og ein eigen pokal til odel og eige. Veidekke har bidrege økonomisk til innkjøp av heilt nye startnummer, som vil bli brukt for første gong under «Kjerringdilten» langfredag.
Les heile sakaNordvik Grendalag har eit rikhaldig program for påska, med påskebasar, seterrenn og afterski med påskequiz. Det heile startar med påskebaser i Nordvik forsamlingshus tysdag 26. mars klokka 18:00. Det er mogleg å kjøpe lodd via Vipps 98505. Kvart lodd kostar kroner 50,-.
Les heile sakaPå Todalshytta opnar dei restauranten 3 dagar i påska. Vi har alt røpa at det blir balldag på tysdag, med servering frå 15:00 til 18:00, og som vanleg blir det både sildball og potetball på menyen denne dagen. Langfredag blir du invitert på «after ski» på Todalshytta, og da bys det på burger & pizza med godt tilbehør, fortel Arve Evensen som er vertskap på Todalshytta.
Les heile sakaSurnadal kulturhus vil vere meir ope denne påska, enn dei tidlegare påskene, og kinoen nyttar høvet til å vise mykje film. Biblioteket vil vere ope laurdag og så dei to første dagane i påskeveka (måndag og tysdag). Men det vil vere mogleg å nytte «meirope tilgang» kvar dag resten av påska.
Les heile sakaHandelsmann Nordvik har sendt oss oversikt over opningstider for Matkroken Todalen. Her finn du opningstider for butikken både før påske og i påskehelga. I år er det kun ein dag at butikken er heilt stengt, nemleg langfredag 29. mars. Nytt av året er at det er kioskope 16-18 på 1. påskedag 31. mars.
Les heile sakaSidan stormen i vinter har hengebrua mellom Liatun og Heggøyann vore steng for all bruk. I dag har det pågått reparasjon av brufesta og brutårnet på eine sida, og no er brua atter farbar for fotgjengarar som kan bruke brua på eige ansvar. Det er Gunnar Nordvik som med god hjelp av Per og Arne frå Gjeldnes Maskin som har jobba med reprasjon av brua, medan arbeidet har vore administrert av Todalen Bygdalag.
Les heile saka