Fredag 22. mars, mellom klokka 12:00 – 17:00, inviterer Lia gard til palmehelgutsal i Lia. Denne gongen kan Lia gard også tilby spaltbrød og sitronkake, som båe er nye produkt frå dei. Dei som førehandsbestiller er med i trekninga av ei sitronkake. Så da er det mogleg å få sikra seg grovbakst og kaffebrød til påska!
Les heile saka
Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 18. mars. Oppmøte ved Matkroken og start derifrå kl. 11:00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur!
Les heile saka
Laurdag kveld var det ei markering av Jim Reeves 101-årsdag i Kulturhuset. Eigentleg var arrangementet eit år forsinka, men kva har det å seie? Konserten vart ei kjempefin oppleving for oss som hadde teke plass i Storstua denne kvelden.
Les heile saka
Laurdag 16. mars – midt i den første vårmånaden – arrangerte Todalen sanitetsforening Fredrikkekaffe. Sol og fint ver ute, triveleg og sosialt treff inne.
Les heile saka
Ar sjømat AS frå Kristiansund vil tysdag 20. mars, i tidsrommet 11:00 – 16:30, ha salsstand utanfor Matkroken Todalen, der dei vil selje forskjellege fiskeprodukt.
Les heile saka
Torsdag 21. mars klokka 19:00 inviterer kulturskulen til sin årlege bandkonsert, noko som i år går føre seg i Trudvang. Årets bandkonsert er eit samarbeid mellom kulturskulen og SKUV og blir altså i år arrangert i Trudvang på Surnadalsøra.
Les heile saka
Denne helga er det VerdsCup i randonee i Molde og verdseliten av unge løparar er på plass i Romsdalsbyen for å kjempe om poeng og medaljer. Rundt 100 deltakarar frå 17 nasjonar deltek.Frå Trollheimen Fjellsportklubb er det to deltakarar, Aron Rodal Haugen og Isak Drøpping, og her får dei skikkeleg konkurranse. Det er rundt 100 deltakarar som er samla i Molde med Romsdal Randonee som arrangør.
Les heile saka
Søndag 24. mars klokka 13:00 inviterer Svinviks arboret til podeverkstad. Dette er eit tolbod som passar for deg som er nybegynnar og har lyst til å lære grunnleggjande teknikk for poding av frukttre,
Les heile saka
Stangvik Grendalag inviterer til «påskepub» i Bryå i Bondehuset i Stangvik laurdag 23. mars frå klokka 18:00. Det blir sal av snacks og leskande drikke, da arrangementet har alle rettigheiter. Det er 18 års aldersgrense for å kome inn på «påskepuben».
Les heile saka
Todalen sanitetsforening inviterer til strikkekaffe laurdag 16. mars i tidsrommet 13:00 – 16:00. Alle er velkomne!
Les heile saka
Onsdag kunne Anders Larsen kalle inn pressen for å presentere årets program. Vårsøghelga 2024 kjem i år til å gå over 5 dagar i staden for 4 dagar som tidlegare. Anders Larsen, som er dagleg leiar i Vårsøghelga, er snar til å forklare at det er ikkje ekspansjon i programmengden, men det blir litt betre tid til å gjennomføre det programmet ein har.
Les heile saka
Dei 5 Talgø-pensjonistane har ikkje gløymt gamle kunster. Onsdag hadde dei «okkupert» PU-avdelinga på Talgø, og var i full gang med å montere bord & benkar som skal brukast rundt omkring i bygda. Her var det serieproduksjon, med boring og skruing og «vegvesenbenkane» kom ut på løpande band. Eit tjuetal benkar stod på produksjonsplana, og dei var kappa og lagt på pall ein dag tidlegare, og no hadde dei vore ein tur til Surnadal for å bli royalbehandla. Dermed får dei vel mesta evig liv – iallfall blir det nok 25 års råtegaranti, kommenterer snekkarane.
Les heile saka