Kvar vinter går det med ein del ved for å fyre i paisen i gapahuken ved lysløypa på Tjønnmyra. Barne- og ungdomsgruppa i Todalen Idrettslag har også i år teke på seg jobben med å fylle opp att vedlageret. Dei har i det siste difor kappa, kløyvd og lagt opp veden, slik at den er tørr og fin når den skap brukast.
Arbeidet har pågått ei lita stund, og vart avslutta i helgaleitet, slik at vedlageret no er oppfylt for ein og klart til ein ny fyringssesong.
Da er alt klart for ein ny vintersesong på Tjønnmyra, men vi får håpe på ein fin sommar og haust, før behovet for å tenne opp i peisen på Tjønnmyra melder seg!