Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

På World Cup i Courchevel i dei franske alpane

Jon Olav Ørsal Laurdag 14. desember 2024

I dag var det sesongstart for randoneeladslaget seniorar i Courchevel i Frankrike. Den norske landslagstroppa som deltok bestod av 6 seniorar  – med Ida Waldal som einaste i dameklassen, medan det var 5 herrer som stillte til start. Lokalt var Erik Kårvatn den einaste som stillte på startstreken frå Trollheimen fjellsportklubb. 

Frå stadion i Courchevel i frankrike. (Skjermdump)

I kvalifiseringa var det full fart frå startskotet gikk, med 92 deltakarar i herreklassen og 64 i dameklassen var det nok ei krevande øvein å kvalifisere seg for å kome med vidare.  I dameklassen kom Ida Waldal med vidare, medan Trym dalset Lødøend og Hans-Inge Klette gikk vidare i herreklassen.  Erik Kårvatn var fattige 1,4 sekund frå kvalifiseringa.  

Erik var likevel rimeleg godt nøgd med løpet, for han følte at kroppen var med og fungerte godt under dagens løp.  Erik sa etter løpet at han nok tapte nokre sekund i skiftesona, der han trøbla litt med å få løsna fellane, og da går nok klokka fort.  

Ny sjanse blir det søndag når vertikalen går av stabelen. Men det blir nok skikkeleg kamp om medaljene der og, for det er 165 deltakarar frå 25 nasjonar som stiller til start – 63 damer og 102 herrer som skal kjempe om å kome forst til toppen.

Publisert: 14. desember 2024, 13:59