Denne helga er det tradisjonell messe for salg av sportsutstyr i Grieghallen i Bergen. Det er Kårvatn Handelskompani som har delteke på salsmessa til Platoubutikkane som dei er leverandør eller rettare sagt grossist. Til saman har det vore rundt 12.000 besøkande innom Grieghallen på fredag og laurdag, og Gudmund Kårvatn og Sondre Ormset som har representert firmaet der kan rapportere om bra besøk på standen og godt sal av ski.
Det har vore skikkeleg trøkk i Grieghallen og faktisk rekordomsetning og det kjem faktisk kundar langvegs frå for å få med seg denne messa, og det har vore 8 kassaapparat i sving for å ta unna køa. – Det var faktisk lang kø utafor Grieghallen i dag tidleg når dei skulle opne for publikum.