Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

På tur til Nordviksetra i strålande haustvêr og godt over 20 grader!

Randi og Vidar Sogge Fredag 11. september 2015

Torsdag 10. september la Stavganggruppa ut på tur til Nordviksetra. Det blir snart kø ved bommen, for eit tredvetals personar vil nytta høvet til ein fjelltur i finvêret.Torunn Nordvik har alt heisa velkomstflagget på Nordviksetra når vi når fram.

Ho fortel om setrene, skjertorsdagsrennet og Sulrennet. Det viser seg at mange har blanda opplevingar med Sulrennet; ja, Jan Gausen påsto at han aldri har vore så redd på ski som ein gong han sleppte opp nedover mot setra! Ikkje kunne han bremsa i gjennomslagsføret med ei hard skarehinne på toppen, og ikkje tjorde han setta seg ned. Men det gjekk godt, han heldt seg på føtene og kom velberga ned til setra. 

13

Nærbilde av albino røsslyng. Kanskje nokon kan fortelja meir om denne ”albino røsslyngen”?

Medan halvparten vel å bli verande på setra i finvèret, legg resten, med Ingrid Nordvik som leiar, i veg vidare oppover.  Ho viser oss ma. ei tuve der det veks ”kvit røsslyng” . Om det er ein albino røsslyng eller ein annan sort blomster veit ingen av oss. Kanskje nokon som les dette kan hjelpa oss? Når vi kjem ned til setra att, blir det ein velfortent matpause for alle, før vi takkar for oss og traskar i veg ned mot bilane. Mange takk til nordvikgardinane Torunn og Ingrid, som båe to gjorde sitt til at vi fekk ein sjeldan vakker og vellukka dag. Elles takk til alle som møtte opp; det er trivelegare til fleire vi er.

Neste torsdag køyrer vi til parkeringsplassen ved Igltjønna og tek ein kort eller lang runde rundt Tjønna. Matpausen ved borda ved Igltjønna. Håpar at også mange rindalingar blir med oss.  Fotty: joggesko. Ta med sitteunderlag!

Bildegalleri frå turen til Nordviksetra – alle foto Randi og Vidar Sogge.

 

Publisert: 11. september 2015, 19:57