Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
På tur til Eiterdalssetra

På tur til Eiterdalssetra

Jon Olav Ørsal Onsdag 22. september 2010

Jon Bruset vore på ny utflukt. Denne gongen til Vindøldalen og Eiterdalen, og vi har fått e-post med mange bilde frå turen. Han skriv: «Tysdag vart det tur til Vindøldalen og Eiterdalen, med Eiterdalsetra som mål. Dette er setra til garden Utistu Røv. Eiterdalsetra vart rekna for å vere den største og beste setra i Vindøldalen, og truleg ei av dei beste i heile Trollheimen når det gjeld godt beite.

Hans Hyldbakk var gjetar her i 1913, og på denne tida var det 60 naut med rundt 30 mjølkekyr på setra. Siste året med setring var i 1945. Stølen er stor og ligg fint i terrenget, men som dei fleste plassar er attgroinga komen langt også her».

Sjå bileta frå turen til Vindøldalen og Eiterdalen i bildegalleriet her.   Alle foto: Jon Bruset

Først publisert: 22. september 2010, 06:00 - Sist oppdatert: 21. september 2010, 23:26