Jon Bruset vore på ny utflukt. Denne gongen til Vindøldalen og Eiterdalen, og vi har fått e-post med mange bilde frå turen. Han skriv: «Tysdag vart det tur til Vindøldalen og Eiterdalen, med Eiterdalsetra som mål. Dette er setra til garden Utistu Røv. Eiterdalsetra vart rekna for å vere den største og beste setra i Vindøldalen, og truleg ei av dei beste i heile Trollheimen når det gjeld godt beite.
Hans Hyldbakk var gjetar her i 1913, og på denne tida var det 60 naut med rundt 30 mjølkekyr på setra. Siste året med setring var i 1945. Stølen er stor og ligg fint i terrenget, men som dei fleste plassar er attgroinga komen langt også her».
Sjå bileta frå turen til Vindøldalen og Eiterdalen i bildegalleriet her. Alle foto: Jon Bruset