Sidan «På tur i Todalen»-appen vart lansert 1. oktober er det akkurat no registrert totalt 5410 innsjekkingar på dei 25 turmåla som er med i «På tur i Todalen». Toåa tursti er det turmålet med desidert flest innsjekkingar, og i dag vart innsjekking nummer 2000 registrert i turstien. Toåa tursti er også eitt av Stikk UT!-vinter sine turmål, og her er det, sidan oppstarten 1. desember i fjor, registrert 267 innloggingar akkurat no.
Det vil frå i morgon av vere mogleg, via Vipps 519814 og på frivillig basis, å støtte drifta og vedlikehaldet av Toåa tursti.
Det er akkurat no fine forhold for å ta ein tur i Toåa tursti. Det er snø og isdekke det meste av turen, men bart på somme korte strekningar. For den som har piggsko eller isbroddar, så kan det vere eit godt alternativ, for å vere på den sikre sida, fram til turstien er heilt snø- og isfri.
Uvêret Gyda tidlegare i vinter har teke med seg toppdekket på rundt 40 – 50 meter av turstien, så her må det nok arrangerast ein liten dugnad, for å gruse opp att turstien no når våren gjer sitt inntog for alvor.
Frå 1. mai blir Toåa tursti også eitt av dei ordinære turmåla i Stikk UT, så frå da av vil turstien vere eit heilårsturmål i Stikk UT!-konseptet.