Har du mistanke om at du hører dårleg på ei eller begge ørene dine så er det kanskje lurt å teste hørselen din. Dersom du har litt vanskeleg for å fange opp kva som blir sagt og må spørre opp igjen ofte, så kan de være ein liten hørselskade som det kan lønne seg å gjera noko med. Det får du sjansen til under Todalsdagen, for da kjem Hørselhemmas forening i Surnadal hit med testvogna si, og blir ståande på Bordholmen frå kl 10 til kl 15.

Ein enkel test avslører om du har hørselskade som krev tiltak – Ola Halle og Brynhild Tjelle tilbyr gratis hørselstest under Todalsdagen. Foto. Jon Olav Ørsal
Det er nok mange som slit med dette i kvardagen og som kan få god hjelp om dei får behandling, eller høvelege hjelpemiddel. Ein liten og uformell kontroll i testvogna kan kanskje avsløre slikt behov, og her kan du teste uten å bestille time, og attpåtil er det heilt gratis.