Det er snart ein månad sia vi har hatt regn av betydning, og NVE’s målar for vassføring ved Storfossen nærmar seg 0,5 m3 i sekundet. Da nærmar vi oss eit minimum, og det er sjeldan at det er så lite vatn i elva. Men no ser det ut til at det blir vêrforandring, for Yr.no har litt regn på lur i sine prognosar for dei neste dagane.

Vassføringa i Toåa ved Storfossen har gått ned frå rundt 14 m3/sek i månadsskiftet til 0,53 m3/sek i dag. Kilde: Sildre.no
Det meldes regn alt onsdag kveld, men da er det sørleg eller søraustleg vindretning. Torsdag dreier dette, slik at vi etter kvart får nordvestleg vindretning og regn – da skulle vi vel være sikra litt nedbør dersom vi skal tru langtidsvarselet på Yr.no