Nesten kvar dag er ein eller annan «spesialdag». I dag, 15. oktober er det den nasjonale refleksdagen. Da kan det være greit med ei påminning om at det no blir fort mørkt ute og at det kan være lurt å ha ein refleks på lur om du skal ut etter vegen i skyminga, som fort går over i stupmørkre. I år er 10. året at Trygg Trafikk og Statens Vegvesen arrangerer denne dagen i lag med kunstnarar som lagar spesialrefleksar til bruk i kampanjen.
Les meir om den nasjonale refleksdagen her: Refleksdagen 2015
Fakta om refleks
- Refleks reduserer risikoen for å bli påkjøyrt i mørket med 85 prosent.
- Du treng refleks sjølv om det er gatebelysning. Flest fotgjengarulykker skjer i byene.
- Refleksen bør henge i knehøgde.
- Bilisten har 10 sekund til å reagere om du brukar refleks, går du utan har han berre to sekunder til rådigheit.
- Refleks er forbruksvare, riper svekker refleksjonen.