Todalsdagen nærar seg med stormskritt! Laurdag 29. juni er det kalrt for nytt Todalsdag-arrangement, og planlegginga har no pågått lenge i Todalen idrettslag. Loppekomiteen har alt starta innsamling av nye lopper, for loppemarknad høyrer sjølvsagt med som ein del av Todalsdag-arrangementet. Dei er interessert i alt muleg (unnateke klær, for det tek saniteten seg av!) av «ting og tang», slik som koppar, kar, gamle bøker og andre ting du har til overs.
No er det altså på tide å rydde i kjellar og på loft, for å finne fram ting som du kan gje bort til idrettslagets loppemarknad. Loppemarknadens mannskap vil onsdag kveld 26. juni køyre rundt bygda med programblad, og vil da ta med lopper som du har sett fram og gjort klare til levering. Det vil skje frå kl 19 og utover kvelden. Elles tek dei mot lopper i redskapshuset på Bordholmen torsdag 27. og fredag 28. juni fra kl 18 til kl 20, fortel Borghild Talgø i loppekomiteen. Ho vil også nytte høvet til å takke for lopper dei har fått tidlegare år, for det har skaffa mykje pengar til drift av idrettslagets trim- og fotballgruppe. Har du spørsmål om loppelevering, kan du ringe ho på telefon 908 41 614.