Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

På stortur til Skei

Elinor Bolme Torsdag 30. april 2015

Onsdagar er det turdag for dei eldste i Todalen barnehage. Fem heldige og veldig spente ungar fekk onsdag i denne veka vere med på ei minnerik utflukt til Surnadal. «Reiseledar» Line Mari Svendsli har sendt oss eit lite reisebrev frå barnehagen sin innhalsdrike tur.

Første stopp var på Skei, og der fekk vi auge på ein kul politibil vi berre måtte ha eit bilete av. Vi såg også kor politiet held til, noko fleire av barna visste frå før. Neste stopp var å sjå kor Surnadal Sparebank var. «Der har eg vore før» kom det frå nesten alle barna. Samtidig var vi og bortom og såg på kommunehuset. Etter det gjekk vegen vidare mot Kulturhuset og fiskarmannen. Når vi var på kulturhuset MÅTTE vi berre prøve fargerike brua over vegen, vi var òg innom biblioteket å såg i bøker + at vi fekk servert kjeks og jucie.

Medan vi var på Skei, øvde vi oss på trafikkreglar og korleis vi skal ferdes i trafikken. Deretter bars det på heimebesøk til Oddrun som jobbar i barnehagen. Der tok vi lunsjpausen. Ho hadde så mange kjekke leiker at vi nesten ikkje hadde tida til å eta maten vår. Etter lunsjen tok vi oss ein tur på AMFI Surnadal. Der måtte vi så klart innom leikebutikken å sjå litt, og hente oss leikeblad. Det var òg nokre artige leikar i leikekroken i senteret som vi leika oss med.

Til slutt var vi så heldige å få komme på besøk hos nokre av kontoristane i Amfi Drift AS. Det var spesielt artig for ein av ungane, som fekk visa oss arbeidsplassen til mor si. Dei hadde ordna seg på besøk frå oss, og var så snille å gi oss kvar vår «goodiebag» (med sjokolade, nam-nam!). Før vi vendte snuten heimatt til Todalen, tok vi oss ein ispause. På turen heim kunne barna fortellja at dei har hatt ein super dag, med mange artige og spennande opplevingar.

Under er eit rikhaldigt bildegalleri frå «stjessturen». Foto Line Mari Svendsli, Todalen Barnehage.

Først publisert: 30. april 2015, 05:00 - Sist oppdatert: 29. april 2015, 21:05