I dag tidleg var det mange mødre og fedre i Surnadal kommune som vart møtt av imøtekommande listekandidatar for Surnadal Arbeiderparti. Dei hadde nemleg «aksjon barnehagedag» og hadde utplassert valgbart mannskap utanfor alle barnehagane i kommunen. I Todalen var dei så heldige å stå i ly for veret under inngangspartiet, og fekk tatt ein prat med dei som hasta forbi for å levere i barnehagen.
Jon Nordvik, Jorunn Ness og Jon Bruset var enige i at det er viktig med synleggjering og dialog til velgjarane. Og det er derfor dei no ønsker å vera meir synleg fram mot valget. Alle som stoppa på fekk utdelt ein fin flyer med litt informasjon på og ei eple på vegen vidare til det som kanskje vart ein litt forsinka start på dagen.