Ein skokk med rådyr – 5 i talet denne larurdagen – er på tur attende til skogen, etter den dagelege turen til flomålet ved Bordholmen. Da gjeld det å følge tidtabellen for flo og fjøre, slik at det blir litt mat å finne.
Vi veit ikkje om dei følgjer tabellen for flo og fjøre, men vi ser dei i allfall rett som det er – på veg til eller frå. Laurdag føremiddag var dei på tur over vegen mellom Lunde og Utigarden på Kvennset, og mellomlanda i skogtoppen der – til kysten var klar for å fortsett etter grøftkanten oppover til skogs.