I kveld banka det på ytterdøra, og utafor sto det to salgsrepresentantar. Ola og Eivind Bolme var ute på salgsturné med julehefte. Ola hadde ein bærepose med nokre «Jul på Nordmøre» i og Eivind hadde ein plastpose med pengar. Og dei fortalte at det var mykje godt lesestoff i heftet, og at prisen var kr 70. Dei har vore rundt heile bygda på salgsrunden, og var no på det neraste ferdige. Men viss du ikkje har fått kjøpt heftet, så er det berre å ta kontakt med Ola og Eivind så blir det ei løysing.