Da vi stakk innom Nordvik forsamlingshus i dag var det just ingen vinterferie. 5 kursdeltakarar og ein instruktør var samla rundt bordet, der dei mekka på kvar si motorsag. Dei 5 – var 4 menn og 1 dame, som jobba med skrujarn og skruvnøkkel for å lære det mest elementære med stell av motorsag. Viktig å halde utstyret i orden når ein skal drive med skogsarbeid, og all best er det å gjæra det sjølv, sa instruktør Ingebrigt Landsem.
Hogstkurset går over 3 dagar – 1 dag med teori om vedlikehald og tørrtrening på hogstteknikk, 2 dager ute u skogen for å øve inn teknikken og bli vant med motorsaga. Sikkerheit er også ein av dei viktige faktorane som det blir lagt stor vekt på. Kurset blir avslutta med ein liten konkurranse, der det blir felling av tre på blink. Det blir spennande og sjølvsagt er det sett opp ein premie.
Line Strandheim som var ein av kursdeltakarane hadde fått motorsag til jul, og fann ut at det var lurt å få skikkeleg opplæring før ho begynte å bruke saga. Ho var litt i tvil om mannen Ola hadde ein baktanke med ei slik julegåve. Men ho såg det positive i det, og no gledde ho seg til å lære å bruke saga og ikkje minst å bli litt sjølvhjelpt.
Ingebrigt Landsem er rutinert instruktør gjennom mange år, og han fortalte at dei startar opplæringa i hogstteknikk med å lære å bruke rette bevegelsar og teknikk for å spare kroppen. Da er det ingen bakdel å være nybegynnar, slik at ein slepp å plukke vekk unotar. Deretter blir det litt tørrtrening på ei kloakkrør, før dei dreg ut i hogstfeltet utafor Rabbleet for å prøve seg på felling og kvisting i praksis. Dette for å få litt mengdetrening slik at teknikken «setter seg», seier Landsem.