Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

På messejobb for å promotere Talgø i helga

Jon Olav Ørsal Laurdag 15. november 2014

Denne helga er det stor boligmesse i Trondheim. Det skjer i Trondheim Spektrum i tidsrommet 14. – 16. november – altså fredag til og med søndag. Talgø er på plass der forå vise seg fram og for å informere om sine produkt. Denne gongen er det MøreRoyal som har vekt stor oppmerksomhet med den nye gråfarga som kjem for fullt til neste sesong. Det har vore stor aktivitet og mange besøkande på Boligmessa som er ei publikumsmesse og opa for alle som er interessert i bygging og boliginnreiing.

Gfix_Roger&Georg_0660

G-Fix halverer monteringstida for utforinger – fortel Roger Luneborg og Georg Aune. Foto: Bjørn Ranheim.

På messa viste også Talgø utforingssystemet G-Fix. Det er eit system for enkel montering av utforinger på dører og vindu som vart lansert for eit år sia. Systemet er oppfunnet av Georg Aune ved T-Komponent, og han har sjølv bemanna messestanden og orientert om produkta i helga. han seier at det er artig å få gode tilbakemeldingar på produktet frå snekkarar som kjem innom standen. – Proffsnekkarane sparer mykje tid ved montering av utforingar på dør og vindu, medan hobbysnekkarane også får eit betre resultat.

På den andre standen har Roger Luneborg vist produkt frå MøreRoyal, der det har vore stor fokus på den nye gråfarga. Det har vore fullt av folk på standen begge dei to første dagane og vi har snakka og forklart om produkta heile dagen. – Artig når det er slik, seier Roger Luneborg som er distriktsansvarleg for region Midt-Norge hos Talgø.

 

Først publisert: 15. november 2014, 19:35 - Sist oppdatert: 16. november 2014, 18:22