Todalen elveeigarlag og Todalen bøgdalag har starta arbeidet med å finne ny lokalisering for campingplass i Todalen.
Dagens campingplass ved Bordholmen stadion er inne i sin siste sesong. Elveeigarlaget og bøgdalaget er difor på jakt etter eit nytt område for campingplass.
I går kveld var det møte i arbeidsgruppa. Her kom det opp nokre forslag til lokalisering, som no skal vurderast fram til starten av juli, da det er nytt møte i arbeidsgruppa.
Dersom du har konkrete forslag til lokalisering av framtidig campingplass i Todalen, kan du ta kontakt med Stig Husby eller Svein Håvard Brøndbo.
Å ha ein campingplass å kunne tilby tilreisande er viktig meiner arbeidsgruppa. Så dei håper dei klarer å finne ei erstatning til dagens camping.