Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

På langtur for fagleg påfyll

Elinor Bolme Sundag 16. juni 2019

I helga har over 400 sanitetskvinner vore samla på Quality Hotel Expo på Fornebu. 5 av desse representerte ei lita, men veldig aktiv forening på landsbasis; Todalen sanitetsforening. Dei ønsker fortsatt å vere ei aktiv forening, og da krevest det både fagleg påfyll og nye impulsar. -For å få til dette ønsker vi derfor stille på dei arrangementa som er tilrettelagt for oss, seier leiar Maren Ansnes.

Dei andre er enige, for gjennom tidlegare deltakingar på liknande arrangement veit dei at desse nasjonale samlingane er fagleg godt samansett. Og det er mykje å velgje i; alle dei 7 ulike basisaktivitetane som NKS har, samt styreopplæring for nye styremedlemmer. Foreninga i Todalen har fått midlar frå sentralorganisasjonen til å drive og utvikle nokre av desse aktivitetane, og kan derfor sende fleire på slike kurs. Maren og Jorunn Ørsal har delteke på omsorgsberedsakpssamlinga, May-Elisabeth Holten fordjupa seg meir i Lesevenn som dei driv på Todalen Oppvekstsenter, medan Åse Redalen og Dordi Jorunn Halle vald Kløvertur som sitt tema.

Jorunn Ørsal, May-Elisabeth Holten, Maren Ansnes, Åse Redalen og Dordi Jorunn Halle gler seg på to inspirerande dagar.

 

Åse Redalen og Dordi Jorunn Halle deltok på sesjonen Kløvertur. Dette er langt i frå nybrottsarbeid for foreninga, noko som resulterte i innlegg om opplegget til dei andre av Dordi Jorunn. Her er det trening på enkel førstehjelp, som kan komme godt med sidan denne aktiviteten rettar seg mot ei godt vaksa målgruppe.

Trass mykje fag inne i solfylte omgivelsar ute fekk damene også nyte godveret med fleire oppsette kløverturar, samt mykje god mat og triveleg bekjentskaper, både nye og gamle. -Denne helga har gitt oss påfyll til å fortsette vårt sanitetsarbeid heime i Todalen, seier dei fem damene samstemt. -No skal vi heimatt og dele av opplevelsane og kanskje klarer vi å få fleire til å engasjere seg saman med oss også, håpar dei. 

Publisert: 16. juni 2019, 14:33