Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
– på kvar einaste tur!

– på kvar einaste tur!

Elinor Bolme Torsdag 4. april 2013

Endeleg kan vi vise fram dei nye premiane for månadens bilde i 2013. Denne gongen har vi gått til investering av termosar, med vår eigen logo på så klart! Vi har også no kjøpt litt meir enn dei 12 vi treng for premiering, slik at dei som kanskje sleit ut sin under påskeutfarten ønsker å kjøpe seg ein ny.

Handelsmann Terje Nordvik har nok ein gong gjeve tillatelse på at vi sett inn produktet vårt på Matkroken slik at dei kan bli seld over disk der. Termosane blir å koste 200 kroner.

Termosane vil som det andre profileringsmareriellet vi har også bli bruka til å sette stas på dei som hjelper oss med redaksjonelt stoff, så nokon vil innan kort tid få seg ei overrasking.

Amfi Kreativ står bak leveransen også denne gongen. Termosen tek 0,75 liter og egnar seg utmerka på ein topptur da den var ultralett. Eit enkelt trykk, og det er berre å helle ut.

Redaksjonen reknar med å få inn bilder frå termosar på tur. Den som ønsker det kan også laste opp bilder på facebooksida vår: http://www.facebook.com/todalenno eller hashtagge todalen.no på Instagram med #todalen_no.

Publisert: 4. april 2013, 07:13