Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

«På kanten av» …. – årets julerevy

Jon Olav Ørsal Onsdag 11. desember 2013

Arbeidsgruppa som jobbar med julerevyen til 3.-dagsfesta er godt i rute. Laurdag startar billettsalget på Matkroken L.Hals til dei to revyforestillingane. Det blir nemlet ei forestilling på dagtid (kl 15.00) og hovedforestillinga som startar kl 20.00.

Skrivegjengen er no ferdig med arbeidet, og det skal bli ein bra revy. Det siste tida har vi hatt skikkeleg formutløysing som det heiter i idretten. No blir det sett full fart på øvingane, som i forsettinga skal skje i Ungdomshuset, fortel Nils Ove Bruset som er veteran i revysamanheng. Han lovar tildels spenstige innslag og bar hud! Tradisjon tru kjem det ein gjesteartist på scena i år også. Kven det er vil han ikkje ut med, men vedkomande har ikkje vore på scena i Ungdomshuset før!

«På kanten av…» er namnet på revyen, og det kan nok tyde på så mangt, fortel Bruset. Det er mykje som har vore på kanten det siste året, og vi reknar med at han ikkje meinar berre raskanten, sjølv om den har vore mykje i fokus i haust. Vi må nok rekne med at revygjengen har sett på rashendinga med eit skråblikk, sjølv om det blir mykje anna bra. Under hovudforestillinga på kveldstid, vil det som vanleg bli servering, og i år er det italienske smårettar som står på menyen. Vi får også besøk frå hovudstaden av Husby Brothers som skal opptre denne kvelden.

Etter revyforestillinga blir det god gammeldags 3.-dagsfest, med muligheit for ein skikkeleg svingom til orkesteret «Gøy på landet» som er Svein Håvard Saksen og Per Olav Bredesen.

Billetter til revyforestillinga blir altså å få kjøpt på Matkroken L. Hals frå førstkomande laurdag, og revygjengen minner om at det er begrensa antal plassar i Todalen Ungdomshus!

Publisert: 11. desember 2013, 23:29