I 2013 var det 100 år sidan Kalla Skrøvseth vart fødd på Tellesbøbakkå i Surnadal, og familien bestemte seg for å følgje i spora til Kalla for å finne ut meir om kva som inspirerte og påverka kunstnaren Kalla. Gjertrud og Odd Ingar Skrøvseth drog til Roma dit Kalla reiste i 1952. På siste opningsdagen for Kallastuå 2019 kåserte dei om ei spennande reise til Roma og Vatikanstaten; reisa vart komplisert på grunn av at akkurat da dei kom dit, vart det val av ny pave, pave Frans. Det førte til meir eller mindre kaos i byen.
Kalla budde i Palazzo Salviati, dit kom dei og sat i same hagen der Kalla sat for snart 70 år sidan. Kalla var rundt i byen, på kjende turistplassar med flotte bygg og skulpturar, fint utsmykka kyrkjer og kapell, kunstutstillingar og kunstmuseum. Ho vart overvelda og skreiv: «Verdenskunsten har gjort så stort inntrykk på meg at jeg er lamslått. Er det vits i å prøve selv?» Men etter kvart vart dette til inspirasjon.
Kalla skriv om at ho var i basilikaen Santa Maria Maggiore og såg bilete av Jomfru Maria og barnet. Dette bilete seier legenda at evangelisten Lukas har måla, og Kalla skriv at dette var «et meget vakkert bilde og jeg ble stum av beundring». Vidare var det mosaikk som fanga interessa til Kalla. Gjertrud og Odd Ingar hadde førebudd seg godt til reisa og fått avtale med leiaren for mosaikkskulen i Vatikanet om å møte han og få kome inn i det kjende studioet, det var det viktigaste på reisa. Men pavevalet gjorde at det vart vanskeleg, alle i Vatikanet var fullt og heilt opptekne med geistlege gjester frå alle land. Men med tilfeldige og gode hjelparar kom dei til slutt inn, fekk omvising og møte leiaren for mosaikkstudioet! Ein triveleg mann. Men han slo fast at Kalla korkje kunne ha gått i lære eller jobba der, kvinner kunne den gongen berre kome inn for å sjå!
Men Kalla skaffa seg kunnskap og innsikt om teknikken med mosaikk som var med og gjorde at ho kunne leve av kunsten sin. Mosaikk egnar seg godt til store utsmykkingar. I Noreg finst det ca 110 offentlege utsmykkingar etter Kalla, av dei 36 i kyrkjelege bygg, 24 i helseinstitusjonar, og resten i skular, kommunehus, bankar, hotell, kunstforeningar osv. Det er 65 måleri, 32 i moasikk, 5 materialbilete, resten er i tekstil, pastell og smijern. Men dei aller fleste arbeida er i privat eige, og berre ein liten del finst i Kallastuå eller i Surnadal.
I fjor bestilte biskopen i Møre bispedøme ei Kallautstilling til Molde. Ine Harrang var kurator for utstillinga, og ho skriv om Kalla: «Som 17-åring drar Kalla til Oslo å bli maler. I våre dager et ikke uvanlig valg, men i 1930 er det langt fra Surnadal til Oslo; – veldig langt. Hun startet da en reise som bragte henne til California, Alaska, Hong Kong, Italia og London, og omsider hjem igjen til Surnadal. Kalla var kunstner og kvinne i en tid som ikke nødvendigvis respekterte og løftet frem noen av delene. Og de fleste av oss kjenner mekanismene som trer i kraft for å gjøre det som er stort lite. For Kallas del ble hun av mange i stor grad avskrevet som «et misjonsskrømt» som puslet med malerier. Det er til å bli eitrende sint over.» «Hun så bygda, og hun så verden. Hun var heimstadkunstneren hvis storhet ligger i det å se det universelle i det lokale.»
Dagens kåseri var både interessant og spennande, og publikum fekk ny kunnskap om Kalla. Neste år vil det bli tema å følgje i spora til Kalla i Amerika. Det er berre å gle seg!
Lilli Husby er leiar i styret for Kallastuå. Ho oppsummerte sommarsesongen og var stålande fornøgd med besøket, mellom 250 og 300 personar har vore innom Kallastua. «Kjempeartig med så godt besøk!» slo ho fast. Styret ser at det å ha skiftande tema for Kallautstillinga i 2. etasje og temporære utstillingar i 1. etasje har vore ein suksess og vil følgje opp dette framover. Denne sommaren er det Bjarne Stenberg som har vore gjesteutstillar. Utstillinga hans har vore populær med flotte, fargeglade og artige bilete fulle av nostalgi. Han fekk både ros og takk frå Lilli Husby.
Lilli Husby takka dei som har vore vertskap i Kallastuå i sommar – alt er dugnadsarbeid.
Kallastuå er vel verdt eit besøk. Da er berre å vente på neste sesong. Tru kven som blir gjesteutstillar da?