Breaking news frå april… i juni! Dagens bilete-redaksjonen er fullt klar over at dette innlegget kjem så seint at det burde hatt med seg tidsmaskin og nistepakke. Men her kjem det endeleg, med ein forsinka fanfare: Gratulerer til Anne Søyset, som med det gnistrande biletet På iskanten – 78° nord vart kåra til månadens bilete for april!
Dagens bilete-redaksjonen må berre leggje seg flat. Mai forsvant i vårsøg og fuglekvitter … og plutseleg var det juni! Men no er vi tilbake på sporet, og kåringa av månadens bilete for mai er rett rundt eit pollen-nys.
Neste gong satsar vi på å vere på tida. Eller i det minste i rett månad.