Det var på det næraste kaos i Åsbøhaugane i dag tidleg. Det vart stopp for fleire bilar som hadde problem med å komme opp bakkan frå Søyåbrua og opp til Åsbøen, fortel Terje Nordvik som hadde slepa opp eit par bilar i dag tidleg.

Speilblankt og manglande strøing på FV 671 – fleire bilar fekk stopp på vegen opp Åsbøhauane i dag tidleg. Foto: Terje Nordvik
Det er no stort behov for strøing på vegen (FV 671) innover til Todalen, og rundt bygda. Vi oppfordrar folk til å køyre ytterst forsiktig til det blir strødd skikkeleg.