På MøreTre har har elementproduksjonen nærast levd på legd dei siste par åra. Da det var bygd ny fabrikk for MøreRoyalproduksjon flytta elementavdelinga inn i midlertidige lokaler på Trollheim Industrier – No flyttar dei inn i permanente lokaler i fabrikkanlegget i Todalen, og der skal dei være på plass og i full produksjon i mars. Flyttinga startar alt om eit par veker.

Økonomisjef Einar Talgø viste rundt i dei nyoppussa kontora i administrasjonsbygget. Foto: Jon Olav Ørsal

Produksjonsleder John Moe orienterer om produksjonen av ferdigmåla panel som foregår ved fabrikken. Foto. Jon Olav Ørsal
Fredag ettermiddag tok heile gjengen på elementavdelinga ein tur til Todalen for å bli kjent med sin nye arbeidsplass. Her vart dei tekne mot og servert fiskesuppe i kantina, samtidig som dei fekk litt meir detaljar om kva som skal skje i samband med flyttinga til Todalen. Etterpåa var det omvisning på heile fabrikkanlegget og kontora og samling i den nye fabrikkhallen, der det no pågår montering av nytt produksjonsutstyr, samtidig som produksjonen så vidt er komen i gang på ei av produksjonslinjene.

Omvisning i overflateavdelinga – her er det i dag produksjon av ferdigmåla panel som står på programmet. Foto: Jon Olav Ørsal
Elles er det nok mange som har lagt merke til at det har vorte fleire bilar på parkeringsplassen ved fabrikken. Det er nok ikkje tilfeldig, for frå 1. januar flytta det meste av administrasjonen på MøreTre til Todalen. Det gjeld den merkantile staben for ordrekontor, økonomi og produktutvikling som alt er på plass i kontorlokala i 2. etasje, saman med konsernadministrasjon og marketingavdeling. Positivt at det blir skikkeleg liv og røre igjen i den stor fabrikkbygninga på Kvennsetøran.

Tømrarutdanning er aktuellt val av utdanning i tida som kjem – Arne Stene er lærling ved bedrifta, og er ferdig utdanna til våren. Teknisk bakgrunn er også aktuelt i samband med prosjektarbeid av ymse slag, seier leiar for byggdivisjon Svein Løvik og prod. leiar John Moe. Foto: Jon Olav Ørsal

Serverte fiskesuppe til heile gjengen – her er det Bjørn Sæterbø som fyller på. Foto: Jon Olav Ørsal