Heilt sia 2012 har Trollheimsutstillinga vore på flyttefot – i samband med renoveringa av Stangvik skule vart utstillinga demontert og flytta til dei gamle tannlegekontora ved ungdomsskulen på Øye. Etter renoveringa på Stangvik skule vart det aldri plass til å montere utstillinga igjen, og når ombygginga av Surnadal Barne- og ungdomsskule starta for 2-3 år sia, så vart utstillinga flytta nok ein gon – denne gongen til den nedlagte skulen i Bøfjorden.
Sia den gongen har Trollheimsutstillinga levd i uvissa, heilt til i dag. Det skjedde etter at politikarane no i haust bestemte at utstillinga skal flyttast til Todalen, og monterast opp på Gammelfabrikken i Brusetmarka. Der pågår det renoveringa av Gammelfabrikken og når dette arbeidet er ferdig skal utstillinga etter kvart få sin nye heim der.
I morgontimane sørga flyttegjengen frå Talgø, Surnadal kommune og Gulla Transport for at heile samlinga vart transportert frå Bøfjorden til Brusetmarka. Vi på Todalen.no vil nok presentere utstillinga for våre lesarar når ho står ferdig etter kvart.