Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
På fisketur i skuletida

På fisketur i skuletida

Elinor Bolme Onsdag 2. september 2009

5., 6. og 7. klasse ved Todalen Oppvekssenter var i dag med eit knippe kyndige fiskeentusiastar på tur til Ramsøyhølane for å prøve fiskelykka, midt i skuletida. Dette kjem innunder vidareføringa av heildagsskuleprosjektet som oppvekstsenteret held på med for andre året.

Nokon fiska med vanleg sluk, medan andre prøvde seg på fluefiske for aller første gong. Frikk Hauglann Talgø var ein av dei sistnemte, og sanneleg så beit det på flua nesten med det same snøret vart vått, til ellevill jubel naturlig nok.

Knut Arne Pedersen, mangeårig fiskar i Toåa, instruerte ungane i fluefiske. Her saman med Frikk Hauglann Talgø. Per Reiten, Thomas Aune, Steffen Aune og Emma Saksen Ulvund bak fra venstre.
Anders Aune og Kåre Øyen var med og bistod dei som fiske med sluk i Ramsøyhølane.
Anders Aune og Kåre Øyen var saman med Solvår Røen frå Oppvekstsenteret med og bistod dei som fiska med sluk i Ramsøyhølane.
Publisert: 2. september 2009, 14:22