5., 6. og 7. klasse ved Todalen Oppvekssenter var i dag med eit knippe kyndige fiskeentusiastar på tur til Ramsøyhølane for å prøve fiskelykka, midt i skuletida. Dette kjem innunder vidareføringa av heildagsskuleprosjektet som oppvekstsenteret held på med for andre året.
Nokon fiska med vanleg sluk, medan andre prøvde seg på fluefiske for aller første gong. Frikk Hauglann Talgø var ein av dei sistnemte, og sanneleg så beit det på flua nesten med det same snøret vart vått, til ellevill jubel naturlig nok.