Mandag kveld sette dei unge fotballspelarane på Todalen sitt knøttelag eit punktum for ein innhaldsrik fotballsesong. Ungane med foreldre og søsken avslutta med ein hyggeleg tur på Ja-benken ovanfor Flathaugen. Gjengen møttes i Jostua og tok turen om Husby Vasslag sitt pumpehus, før turen gjekk vidare om den no merka stien gjennom Petlia, som endar på eit fint utkikspunkt over bygda kalla Ja-benken.

Julia hadde baka boller til heile turfølgjet som smakte ekstra godt etter ein slik tur. Serveringa foregikk på den spilder nye benken som Asbjørn Heimlund har sett opp. Benken hadde naturleg nok fått namnet «Nei-benken»…
Etter serveringa gjekk turen vidare ned om Flathaugen og via både veg og åkerkant til Jostua igjen.
.