Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

P17: Velkomne til vårsongfest i Bøfjorden

Jon Olav Ørsal Onsdag 4. april 2018

Søndag kl. 16 inviterer TriOpera og koret Prosjekt 17 til den årlege Vårsongfesten på Bøfjorden Grendahus. Allsong, morostubbar, operaperler og «Seterkabaret» står på programmet – forutan ettermiddagskaffe og utlodning til lokalt kulturarbeid.«TriOpera» består av songarane Sigrid Vetleseter Bøe og Maria Nohr og pianisten Hedda Hansen Berg.

Maria Nohr (t.v.), Hedda Hansen Berg og Sigrid Vetleseter Bøe har utgjer firmaet «TriOpera».

 

Desse fire lovar operaperler på grendahuset. Sigrid Bøe (frå venstre), Erik Rosenius, Maria Nohr og Hedda Hansen Berg.

Sigrid spela i vinter Micaela i «Carmen» på Kristiansundsoperaen. Maria har nettopp hatt kjempesuksess i «Sound of Music» på Hålogaland Teater. Med seg har dei bassen Erik Rosenius, nyleg engasjert på Berliner Staatsoper. I påska var han solist i «Johannes-pasjonen» av Bach i Haugesund og i Stockholm.

Koret «Prosjekt 17» syng norske og svenske vårsongar og viser scenisk utdrag frå «Seterkabaret» av Bernt Bøe. Medlemmer av Surnadal Folkedansarlag trør polsen på setervollen – med Torgeir Leivdal som felespellmann. Han gir også til beste nokre lydarslåttar. Gunnvald Bøe serverer lokale morostubbar. Og ei skikkeleg kaffeservering står Bø Grendalag og Åsskard Bygdekvinnelag for. Så no kan både våren og skaren av kaffetørste allsongfuglar kom…

Sentrale seteraktørar: Borghild Talgø og Øystein Moe med romatisk duett på setervollen. Torgeir Leivdal spelar til medlemmer av Surnadal Folkedansarlag. Seterdeie Liv Marit Polden framfører autentiske dagboksblad med sterk heimlengsel … Fotomontasje: Bernt G. Bøe

 

Først publisert: 4. april 2018, 14:35 - Sist oppdatert: 8. april 2018, 23:38