Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

P17-koret med jonsvake i Åsskard kyrkje

Jon Olav Ørsal Onsdag 19. juni 2024

Gode musikkrefter deltek når Åsskard kyrkje fredag kveld feirar Jonsvaka for 41. gong. Arrangørkoret P17 samarbeider med operasolistane Sigrid Vetleseter Bøe og Erik Rosenius, pianisten Hedda Hansen Berg og ein instrumentkvintett frå Kristiansundsoperaen. Arrangementet startar kl 21 med kåseri og fortsett med konsert kl 22.

Hentar heim klassiske godbitar
Høgsommarkvelden i Åsskard har sia 1982 vore stemningsfull ramme om musikk som er «henta heim» for å bli delt med folket her. Kvifor skal berre store byar formidle det beste? Overskrifta denne gong er «Tonar året rundt» – med smak av jul, påske, pinse, sommar og folkeliv. Strykarar frå Operaen i Kristiansund, oboist Ebba Ringmar og pianist Hedda Hansen Berg borgar for instrumental velklang i verk av blant andre Mozart, Grieg, Haydn, Bach og Handel.

Sigrid Vetleseter Bøe og Erik Rosenius byr på klassiske storverk, viser og romansar. Foto Bernt Bøe

Songsolistane byr på vakre og uttrykksfulle perler. Erik syng for eksempel utdrag frå Skapelsen av Haydn og «Grosser Herr» frå Bachs Juleoratorium. Sigrid er glad i både Grieg (m.a. den gripande sluttscenen frå «Peer Gynt»), Mozart (Lovsongen frå «Grosse Messe») og Handel («Rejoice»).
Koret Prosjekt 17 samarbeider også med orkesteret i tonar av Bach, Mendelssohn, Elgar og andre.

Trond H. Saltnes (frå venstre), Anna Ostachowska, Ebba Ringmar, Zhala Aliyeva og Odd Sonntag er den internasjonale kvintetten som gjerne gjestar Åsskard – her i 2022. Foto Bernt Bøe

Muntre jubileumsglimt frå Stor-Stangvikgjeldet
Kulturkvelden i er 3-delt. I jubileumsåret for kyrkjene i Halsa (300 år) og Rindal (150) startar den med historikk (og humor!) frå det gamle Stor-Stangvikgjeldet. 
Ut frå bøkene sine  vil Bernt Bøe gi glimt av fargerike personar og hendingar.  Kyrkjesongen er eit kapittel for seg. Folketonar frå Nordmøre prydar salmeboka, og kåsøren har spora opp nokre av kjeldene. Men kvar gjekk folk ut av kyrkja fordi klokkaren song så elendig?

Bernt Bøe kåserer om levd liv, lokale kyrkjetonar og merkelege hendingar. Foto Randi Bøe

Rindal – med gammelkyrkja – var del av Stangvik til 1857. Kva tykte Hans Nielsen Hauge om presten der i 1799?
Kyrkjeroinga har rike tradisjonar. Visste du at kyrkjebåten frå Halsa berga jenta som rømte frå bjørnen? Slikt og mykje anna blir å høre i kåseriet.
I pausen før konserten er det triveleg fellesskap der Åsskard sokneråd spanderer kveldskaffe.

Soknerådsleiar Eva Jorid Svensen og P17-korist Randi Bøe lovar kaffe i pausen. Foto Bernt Bøe

Jonsvaka 24 er støtta økonomisk av blant andre Sparebank1, Gjensidige, Talgø-MøreTre, Bertelsen Gravferd og Røv Mølle.

Innsendt av Bernt Bøe for arrangørkoret prosjekt 17 –  Prosjekt 17-koret er medlem i Todalen.no

Publisert: 19. juni 2024, 08:43