Øygardshalsen er eit av dei seks turmåla i Stikk UT! Ski i Surnadal kommune. Dette er ein fin tur i ganske flatt terreng og er familievenleg. Turen startar ved klubbhuset til Søya på Vang.
No er det fine vinterdagar og flotte forhold for å gå på ski. Traseen frå Vang og opp til Øyardshalsen er godt tilrettelagt og går i fint terreng med flott utsikt i mange retningar. Turen er 1,7 km ein veg og med ei stigning på 85 høgdemeter. Viss ein vil forlenge turen, er det råd å gå heilt opp til Strengen.
Torsdag var det mange som nytta seg av dei fine løypene i Strengentraseen og rundt Vang skianlegg. Idrettslaget Søya gjer ein kjempejobb med tilrettelegge for fine skiturar.
Denne sesongen er det 3 Stikk UT! Ski-turmål på Nordmarka og så Klåberget og Øygardshalsen i Strengentraseen. Så langt er det registrert nesten 1350 turar på nett! Sesongen varer til og med 2. april.
Så er det berre å håpe at det snart er klart for Stikk UT! Ski oppå Tjønnmyrå, også.