Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Øyagrenda – breiband til folket

Jon Olav Ørsal Fredag 12. april 2024

I Øyagrenda trefte vi Rolf Petter Halle som var i full gang med å grave grøft for å legge fiberkabel innøver Øyagrenda.  Det ligg i dag fiberkabel fram til Todalen Ungdomshus, og no er det grenda innafor som skal få fiber.  

Travle tider for Rolf Petter Halle som skal grave ned mykje breibandsrør før våronna tek til. Han kunne berette at det no er heilt telefritt i jorda. Foto Jon Olav Ørsal

Rolf petter fortel at det blir jordkabel innover grenda til Raudåa, og så blir det luftkabel i lag med straumkablar til dei tre oppsittarane innafor Raudåa.  Dermed blir det ei grøft frå ungdomshuset og innover langs med vegkanten og så forgrening til dei husa som er aktuelle for fiberkabel.  Så no gjelder det å nytte høvet når gravemaskina er i gang.  

 

Publisert: 12. april 2024, 17:00