I Øyagrenda trefte vi Rolf Petter Halle som var i full gang med å grave grøft for å legge fiberkabel innøver Øyagrenda. Det ligg i dag fiberkabel fram til Todalen Ungdomshus, og no er det grenda innafor som skal få fiber.
Rolf petter fortel at det blir jordkabel innover grenda til Raudåa, og så blir det luftkabel i lag med straumkablar til dei tre oppsittarane innafor Raudåa. Dermed blir det ei grøft frå ungdomshuset og innover langs med vegkanten og så forgrening til dei husa som er aktuelle for fiberkabel. Så no gjelder det å nytte høvet når gravemaskina er i gang.